Bil i grøfta i Jølster

Ein bil har hamna i grøfta på E39 mellom Ålhus og Årdal i Jølster, melder Vest politidistrikt.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om hendinga kl. 13:42. 

Det er tre personar i bilen. 

- Ute og oppegåande. Skadar på bilen si høgre side. Airbag skal ikkje vere utløyst. Per no passerer trafikken. Heile bilen skal vere utanfor vegen. Politi og brann på veg fram, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit kl. 13:56. 

Tre minutt seinare kan han slå fast at det er ei singeulykke, og at det ikkje er meldt om personskadar. 

Kl. 14:04 blir det meldt at brann og politi er på staden, og at bilbergar vil bli rekvirert.

Det er ikkje mistanke om at bilførar, mann i 40-åra, er påverka.


Powered by Labrador CMS