Valfridom, demokrati og medborgarskap

 I kommunestyret 18. juni vart kommunedelplan for oppvekst vedteke etter ein lang prosess med mykje engasjement. Intensjonen med ein slik plan er å peike på kva retning og innhald barnehage og skule skal ha framover for å gjere borna våre betre rusta for eit godt liv.

Planen er delt i fleire fokusområde:

· Kva er ein god oppvekst

· Trygge og tydelege vaksne

· Aktiv fritid og fellesskap

· Barnehagen for livslang læring

· Ein rikare skulekvardag

· Gode støttetenester

· Medverknad og samarbeid

Utvalet la planen på høyring og det kom inn mange innspel. Det er mellom anna løfta fram, både for barnehage og skule, at lesing er viktige område å prioritere og å gje familiane rom for å prioritere familieliv og tid med borna. Viktig er det også at ein i Gloppen skal leggje til rette for ein praktisk og variert skulekvardag gjennom heile opplæringsløpet, at leik skal ha ein sentral plass spesielt i 1.og 2. klasse. Dette er også grunnleggande argument i dei høyringsinnspela som kom inn og i tillegg til at særs mange ynskjer at kommunen skal halde på fire dagars skuleveke for dei yngste borna våre.

For Senterpartiet er det viktig at folk opplever at stemma deira betyr noko. Høyringa om 5-dagars skuleveke gav tydelege tilbakemeldingar frå foreldre og andre innbyggjarar, og vi meiner det er viktig å lytte når folk engasjerer seg i saker som påverkar kvardagen deira.

Det er inga eintydig forsking så langt som tilseier at verken det eine eller andre er betre eller har større innverknad på seinare fråfall eller ferdigheiter på skulen. Gloppen er ein av få kommunar som framleis har firedagars skuleveke for dei yngste. Difor stemde vi i kommunestyret mot å bruke meir tid og ressursar på å utgreie ei ordning som ikkje hadde støtte i høyringssvara og som vil ta tid og pengar å få gjennomført. Senterpartiet ynskjer å halde på familiane sin valfridom ved å ikkje tilrå vidare utgreiing av ei 5 dagars skuleveke.

Når innbyggjarane tek seg tid til å seie meininga si, skal dei vite at det betyr noko for dei politiske avgjerdene som blir tekne. Demokratiet blir sterkast når folk ser at engasjementet deira blir teke på alvor. Vi ønskjer å støtte opp om familiar som vil ha meir tid saman i ein elles travel kvardag, der besteforeldre eller andre nærpersonar kan ha ein dag i lag med barnet eller der barnet sjølv rett og slett får ein fridag midt i veka på SFO med pause frå skulekvardagen.

Vi meiner at lokalpolitikken skal vere tett på dei behova og ønska som kjem frå folk sjølve. No har eit fleirtal i kommunestyret vedteke at dette likevel blir utgreidd i tida framover. Vi oppmodar folk til å engasjere seg vidare i saka fram til eit endeleg vedtak om Gloppen skal ha fire eller fem dagars skuleveke for dei yngste borna våre.

Senterpartigruppa i Gloppen,

Per Jarle Myklebust

Karoline Bjerkeset

Anne Berit Selle

Bernt Reed

Julie Lothe

Sonja Jordanger Loen

Baard Bolstad

Marit Elisabeth Larssen

Maria Veien

Powered by Labrador CMS