Peder Lofnes Hauge frå Sandane er leiar i Noregs Mållag. Pressefoto: Thomas Brun.

Staten skvisar bort nynorsken

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) forvaltar dei digitale løysingane som svært mange i Noreg er heilt avhengige av for å gjere jobben sin. I DFØ-portalen og DFØ-appen leverer statstilsette og eksterne alt frå reiserekningar til honorarkrav og timelister. Dette er ikkje småting. Dette er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen for det daglege arbeidet i staten.

Likevel finst desse løysingane berre på bokmål og engelsk – og ikkje på nynorsk. DFØ meiner at språklova ikkje gjeld fordi systema er «interne». Det er eit argument som ikkje held mål.

For det første: Når du som tilsett i staten leverer reiserekning, krev utgiftsrefusjonar eller får lønsopplysningar, gjer du det som privatperson. Mange av dei som bruker DFØ-systema, er dessutan ikkje statstilsette i det heile. Mellom anna meddommarar, tolkar, timelærarar ved universiteta og høgskulane og medlemmer av offentlege utval må òg bruke desse tenestene. Då kan ein seie at argumentet om «internt bruk» fell bort.

For det andre: Språklova er krystallklar på føremålet sitt. Ho skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre at staten tek ansvar for begge dei norske skriftspråka. Ho slår dessutan fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, ettersom det er mindre brukt enn bokmål. Når DFØ vel å ikkje tilby nynorsk i system som hundretusenvis av nordmenn må bruke, undergrev direktoratet denne likestillinga i praksis.

For det tredje: DFØ klarer å tilby engelsk. Det viser at infrastrukturen finst. Det som manglar, er viljen.

Dette handlar ikkje om at nokre særleg språkinteresserte vil ha litt meir nynorsk i kvardagen. Det handlar om respekt for dei rettane borgarar og statstilsette faktisk har. Det handlar om at staten sjølv må vere den fremste garantisten for den språkpolitikken Stortinget har vedteke. Og det handlar om at likestillinga mellom bokmål og nynorsk aldri blir meir enn tomme fraser dersom ho ikkje blir følgd opp i praksis.

At eit statleg direktorat vel bort nynorsk i så sentrale tenester, burde uroe alle som er opptekne av at lover skal gjelde likt for alle, og av at staten sjølv følgjer sine eigne reglar.

DFØ meiner som nemnt språklova ikkje krev at portalen og appen skal finnast på både bokmål og nynorsk. Noregs Mållag er ikkje samd i det. Men om det likevel var slik at finjussen gav DFØ rett, tilseier alle prinsipp i språklova likevel at DFØ må tilby desse tenestene også på nynorsk.

Staten skvisar bort nynorsken. Statlege organ må ta språkpolitisk ansvar – ikkje minst i dei digitale verktøya vi alle må bruke. DFØ må snu. Om DFØ ikkje vil snu for eigen maskin, må den politiske leiinga i Finansdepartementet ta affære på vegner av sin underliggjande etat.

Peder Lofnes Hauge,

leiar i Noregs Mållag 

Powered by Labrador CMS