La kommunane få seie nei til vindkraft
Den folkelege motstanden mot vindkraft på land er stor. Svært mange vil ikkje ha øydelagd natur der dei bur – og alle andre stader.
Politikarar i fleire kommunar lyttar til folk og seier nei til planinitiativ for vindkraftutbygging i naturen. Strategien med å seie ja til at kommunane skal få bestemme, og samstundes love pengar, har ikkje fungert. Det vert nei fleire stader likevel. Når selskap skjønar at det går mot avslag, trekkjer dei seg.
Difor har Høgre kome med forslag i fylkestinget om å krevje at kommunane skal utgreie før dei kan seie nei. Dei veit at ei utgreiing ofte er første steg mot eit ja til vindkraft. Praksis og erfaring tilseier det. Når utgreiinga ligg på bordet, vert konklusjonen at samfunnsnytten er større enn miljøulempene – og det vert eit ja til vindkraft og anna naturøydelegging.
Kommunane må få halde på retten til å seie nei, utan at dei vert pålagt utgreiing. Ei utgreiingsplikt vil gje kommunar som alt slit med økonomien ekstra kostnader og meirarbeid. Til noko som kan vere bortkasta – og ofte i strid med ønskja til dei som bur der.
Kommunane har ansvaret for å forvalte areala – og skal gjere det i tråd med lovverket. Eg er trygg på at både folk og folkevalde i kommunane som seier nei til å utgreie, veit nok.
Og kvifor kan ikkje kommunar og lokalsamfunn få betalt for å verne natur – og ikkje berre for å øydeleggje den?
Gjennom FNs naturavtale har Noreg forplikta seg til å stanse naturtapet. Då heng det dårleg saman å presse fram meir utbygging av urørt natur – og å svekkje kommunane sin rett til å seie nei.
Åsmund Berthelsen (SV),
fylkestingsrepresentant Vestland fylkeskommune