
Ja til folkestyre – nei til EØS
I fjor haust var det 30-årsjubileum for sigeren til motstandarane av norsk medlemskap i EU i folkerøystinga i 1994. I 1972 var det og eit fleirtal i ei folkerøysting for motstandarane av norsk medlemskap i EF.
Dessverre så har EU-systemet heilt sidan 1994 fått stadig meir makt over utviklinga av Noreg gjennom EØS-avtalen. Da EØS-avtalen kom så ble det sagt at landbruket skule haldast utanfor EØS-avtalen. Primærnæringa i Noreg har likevel vorte påverka av EØS-avtalen, gjennom EØS-avtala sin artikkel 19 og protokoll 3 i avtala om handel med landbruksvarer med innlemminga av EUs regelverk for mattryggleik og veterinære tilhøve som vart teke inn i 1998. Det norske landbruket vert dessuten påverka av mellom anna regelverk rundt tekniske krav, statsstøtte og eigedoms- og distriktsverkemiddel i EØS-avtalen. Dette er eit typisk døme på at EØS-avtalen er ekspansiv. Den omfattar stadig meir av norsk politikk.
I det siste har det vore ein del merksemd rundt EU sin fjerde energipakke, som jo har ført til at Senterpartiet har gått ut av regjeringa. Ap sitt nye standpunkt om mogelegheit for fastpris på 40 øre per kilowattime er eit skritt i riktig retning, men framleis dårlegare enn Raudt sitt framlegg om ein maksimalpris på 35 øre per kilowattime. For fastpris betyr jo at ein skal betale 40 øre per kilowattime heile året, medan ein maksimalpris på 35 øre per kilowattime skal vere ei tak som det absolutt skal vere lov å leggje seg under òg. Raudt er motstandar av heile EU sin fjerde energipakke, og vi ønskjer å få vekk Noreg si tilknytting til EU sitt energibyrå ACER, slik at vi kan ta krafta av børsen.
Gjennom EØS-avtalen har det altså vorte slik at EU-systemet har fått direkte påverknad på Noreg sitt lovverk for indre norske tilhøve. Vi i Raudt er ikkje samd med FrP sin leiar Sylvi Listhaug som i programmet Debatten i NRK den 30. januar 2025 forsvarte EØS-avtalen. Vi har òg lagt merke til at Listhaug når ho vart pressa av VG ikkje ville seie at FrP ha som eit ultimatum at reservasjonsretten skal nyttast mot EUs fjerde energimarknadspakke før dei kan seie ja til å gå i regjering med Høgre. Og Høgre avviser jo blankt å nytte reservasjonsretten mot noko som helst EU-direktiv.
For å sjå kor gale det faktisk har blitt med EØS-avtalen vil eg trekkje fram eit døme i frå Oslo. Det forrige byrådet i Oslo gjorde eit vedtak om å ha ein konkurranse for drift av sjukeheimar i Oslo kor berre ideelle aktørar fekk delta og kommersielle aktørar vart utestengt. I fjor vart altså dette demokratiske vedtaket kjend ugyldig i Borgarting lagmannsrett, med EUs anskaffelsesdirektiv som den uttalte grunnen. EØS-avtalen får altså konsekvensar for lokaldemokratiet i Noreg heilt ned på detaljnivå. Slik kan vi ikkje ha det. Difor er Raudt tilhengjar av å seie opp EØS-avtalen til fordel for ein handelsavtale. Det er rett og slett nødvendig for å styrke folkestyret i landet vårt.
Rita Tonning,
1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane i stortingsvalet 2025