Først kom prisaukane. Så kom renteauken. Det er meir enn nok no!
Vi fekk dei ekstremt auka straumprisane. Det kostar rundt 15 øre per kWh å produsere straum. Dei siste åra før prisgaloppen, betalte vi rundt 35 øre + avgiftene for straumen. No er prisen mangedobla. Det kan vi «takke» EØS for. Det skjer fordi sentrale myndigheiter ikkje vil avgrense krafteksporten til EU og Storbritannia. Ap-regjeringa verkar meir oppteken av å tilpasse oss EU enn å føre ein politikk som tener norske interesser.
Så fekk vi auken i drivstoffprisane. Det rammar ekstra sterkt ute i Distrikts-Noreg der vi ikkje har T-bane og høgfrekvente busstilbod. Auken i drivstoffprisane kan vi takke Noregs allierte «storebror», USA, for. Som om ikkje den tradisjonelle US-amerikanske rolla som verdspoliti har vore gale nok, så er det Trump vi har med å gjere. Det er ei mager trøyst at han grev si eiga grav og avmagrar USA.
Dei auka straumprisane og drivstoffprisane fører også til auka matvareprisar. Det rammar sterkast dei som brukar storparten av løna, pensjonen og trygda si på mat. Det rammar i langt mindre grad dei som sit med million-løn og i endå mindre grad dei som sit med feite etterløner.
På toppen av dette, aukar sentralbanken renta. Også det rammar urettferdig – det er dei som i tillegg brukar storparten av løna, pensjonen og trygda si på buutgifter som kjem dårlegast ut.
I stortingsvalkampen, der Stoltenberg kom som Støre sin reddande engel, lovde Ap at dei med regjeringsmakt skulle ha ein politikk som skulle halde renta nede, kanskje til og med redusere renta. Når renta no aukar, seier Stoltenberg at det er Sentralbanken, Norges Bank, som bestemmer renta.
Skal tru om det ikkje er mangel på rettferdig, anti-kapitalistisk og sosialistisk politikk som fører til at vanlege folk, kommunar og arbeidsplassar blir ramma. Sentrale fagforeiningsfolk tek til orde mot at sentralbanken skal få leve sitt eige liv som eit av den norske overklassen sine fremste talerøyr. Eller skal sentralmaktene få lov til å underminere det fagrørsle og folkerørsle har oppnådd?
Samanlikna med tidlegare klassesamfunn, har kapitalismen skapt framgang. Har dette no stoppa opp for godt? I så fall er det vel på tide å reise kampen for anti-kapitalisme og sosialisme slik også norsk arbeidarrørsle sine pionerar ein gong talte og kjempa for.
Gunn Margit Olsen,
nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane