Det er fleirtal på Stortinget for å gi kommunane høve til å innføra lokale fyrverkeriforbod.

Fleirtal for lokale fyrverkeriforbod

Eit breitt fleirtal på Stortinget vil gi kommunane høve til å sjølve å avgjere om det skal vere lov med privat fyrverkeri.

Publisert

Fleirtalet består førebels av Høgre, Ap, KrF og MDG, melder Altaposten. Raudt, SV og Venstre har tidlegare stemt for liknande forslag. 

Det er Miljøpartiet Dei Grøne som har fremja forslaget om at Stortinget ber regjeringa gi kommunane tilgang til å regulere eller forby privat fyrverkeri i heile kommunen, ifølgje TV 2.

– Dette er ein stor siger for dyra og alle som vil ha ei tryggare nyttårsfeiring. Fyrverkeri kan vera morosamt, men fører kvart år til at dyr og fuglar blir livredde, skadde og døyr, at folk blir sende på legevakt, og at brannvesenet må ut og sløkkje brannar, seier næringspolitisk talsperson for MDG, Une Bastholm, til kanalen.

Etter sist nyttårsfeiring vart det registrert 63 uønskte hendingar, ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Haukeland universitetssjukehus rapporterte om ti augeskadar ved årsskiftet 2025/2026, og to vart rekna som alvorlege.

I dag kan kommunane berre regulere fyrverkeri i avgrensa område når omsyn til liv, helse, miljø og materielle verdiar tilseier det.

– Målet må vera at vi sikrar ei trygg og god nyttårsfeiring for både menneske, trehusbusetnad og dyr og mindre belastning på miljø og nødetatar, seier Ap-representant Erik Hager. (©NPK)

Powered by Labrador CMS