Illustrasjonsfoto: Frank May/NTB/NPK.

Vestland får 39,3 millionar til behandling av tannlegeskrekk

Pengane blir brukt på tiltak for pasientar med sterk tannbehandlingsangst, ofte knytt til traume eller overgrep.

Publisert Sist oppdatert

Tannhelsetenesta i Vestland har fått tildelt 39,3 millionar kroner frå Helsedirektoratet til behandling av pasientar med alvorleg tannlegeskrekk gjennom TOO-ordninga (tortur, overgrep og odontofobi), skriv fylkeskommunen på nettstaden sin.

TOO-tilbodet finst i Bergen, på Stord og i Førde. Midlane skal gå direkte til pasientbehandling og til å styrkje dei tverrfaglege behandlingsteama. Vestland søkte om 43 millionar kroner og fekk innvilga 39,3 millionar kroner gjennom den nasjonale tilskotsordninga.

Samanlikna med året før har Vestland fått rundt 5 millionar kronar meir i tilskot.

Ein stor del av tilskotet går til kjøp av tannhelsetenester. Alle private behandlarar i ordninga har fått naudsynt opplæring.

Eit av dei tydelegaste resultata av styrkt innsats er kortare ventelister.

TOO-tilbodet er retta mot pasientar med sterk tannbehandlingsangst, ofte knytt til traume eller overgrep. Behandlinga skjer i tverrfaglege team, der tannhelsepersonell samarbeider tett med psykolog. (©NPK)

Powered by Labrador CMS