Frp suverent størst på ny måling – knuser Ap og Høgre
Framstegspartiet og partileiar Sylvi Listhaug gjer si beste måling på 18 år, viser ei ny måling. Partiet får 31,4 prosent oppslutning.
Målinga er gjort av Norstat for NRK , Dagbladet og Vårt Land.
Ifølgje politisk kommentator i NRK Tone Sofie Aglen har verken rasismekontroversar eller personalkonfliktar svekt grepet til Frp-leiaren om veljarane.
– Alt Sylvi Listhaug tek i, blir til gull om dagen, skriv ho.
På målinga er Frp dobbelt så store som sin føretrekte regjeringspartnar Høgre, som går ned 1,6 prosentpoeng frå april og får ei oppslutning på 16,1 prosent.
Aglen meiner Ine Eriksen Søreides første månader som partileiar ikkje har vore nokon suksess, og at partiet står fram som «lettere identitetsforvirret».
– Den tida har ikkje Ine Eriksen Søreide, skriv Aglen, og viser til at Listhaug brukte fleire år på å finne forma – ein luksus den nye Høgre-leiaren ikkje har.
Arbeidarpartiet ligg stabilt på 21,1 prosent, omtrent likt som førre måling.
Av dei mindre partia er Raudt størst med 7,1 prosent (-0,2), følgd av Sp med 5,2 prosent (-0,2), SV 4,7 prosent (-0,4) og MDG 4,4 prosent (+0,6). Både KrF med 3,8 prosent (+0,1) og Venstre med 2,7 prosent (-1,5) er under sperregrensa.
Skulle tala vorte valresultat, ville Høgre og Frp fått 85 mandat – nøyaktig nok til fleirtal i Stortinget. Den samla høgresida ville fått i alt 91 mandat. Alle partia på venstresida ville fått 78 mandat i Stortinget.
I alt 1000 personar vart spurde i målinga, og den har ein feilmargin mellom pluss/minus 3,2 prosentpoeng. (©NTB)