- Skal vidaregåande vere reelt gratis, må fellesskapet ta rekninga når fellesskapet stiller krava, meiner Senterungdomen og Senterkvinnene i Sogn og Fjordane.

Gratis skule? Ikkje når PC-en blir foreldra sitt ansvar

Noreg er stolt av ein skule der alle skal ha like moglegheiter. Vidaregåande opplæring skal vere gratis. Likevel ser vi at «gratis» i praksis ofte betyr: gratis, om du vel ei linje som ikkje krev dyrt utstyr. Dette blir tydeleg når ein ser på ordninga Vestland fylkeskommune har for Elev-PC.

I Vestland må alle elevar stille med berbar PC til skulestart. Fylkeskommunen har ei subsidiert ordning, og utstyrsstipendet kan dekkje standardmodellen. Men her kjem problemet: Standardmodellen kostar 2 535 kroner, medan neste subsidierte modell er ein Macbook til 10 940 kroner eller ein PC til 15 866 kroner. Det er ikkje eit lite påslag, det er eit økonomisk hopp i feil retning.

Dette handlar ikkje om at ungdom «vil ha noko finare» eller at dei ønsker ein «gamingPC». For mange utdanningsprogram er ein kraftigare PC heilt nødvendig for å kunne gjere skulearbeidet. Når programvarekrava aukar, og elevane skal jobbe med tunge filer, redigering, design, koding eller tekniske verktøy, held ikkje alltid standardmodellen mål. Då blir PC-en like nødvendig som vernesko på byggfag eller kokketøy på restaurant- og matfag. Likevel er støtteordningane ikkje rigga for denne realiteten.

Ein elev på media og kommunikasjon får same utstyrsstipend som ein elev på studiespesialiserande, 4 281 kroner over tre år, samstundes som utdanningsprogrammet krev ein PC med høgare yting enn standardmodellen kan levere. Resultatet er at mellomlegget blir sendt heim til foreldra.

Det er her prinsippet om gratis skule knekk: Når skulen eller utdanningsprogrammet krev utstyr som kostar meir enn stipendordningane tek høgde for, blir nødvendig skuleutstyr gjort om til privat ansvar. Då får vi ei stille sortering i vidaregåande, ikkje etter motivasjon og evner, men etter kva lommebok ein kjem frå. Slik kan vi ikkje ha det.

Skal vidaregåande vere reelt gratis, må fellesskapet ta rekninga når fellesskapet stiller krava. Utstyrsstipendet må justerast og indeksregulerast i takt med prisane, og det må treffe betre, slik at linjer som faktisk krev dyrare digitalt utstyr, også blir kompenserte for det. Datamaskin er utstyr, og nødvendig utstyr må støttast der behovet er.

For oss i Senterpartiet handlar dette om rettferd og like moglegheiter: Ungdom skal kunne velje IT, media, teknologi, yrkesfag eller studiespesialisering ut frå interesse og framtidsplanar, ikkje ut frå om familien har råd til ein Macbook til 10 000 kroner eller ein PC til 15 000.

Sogn og Fjordane Senterkvinner og Sogn og Fjordane Senterungdom


Powered by Labrador CMS