Det er lett å sitje i Oslo og vere imot Stad skipstunnel
Nye tal frå Kystverket viser at Stad skipstunnel ikkje har lågare samfunnsnytte enn mange andre samferdsleprosjekt. Kvifor er det berre vestlandsprosjektet stortingspolitikarane vil til livs?
Kystverket har nyleg lagt fram nye utrekningar for samfunnsnytten av Stad skipstunnel. Ifølgje Kystverket er «netto nytte per budsjettkrone (NNB) – 0,95». For mange seier kanskje ikkje talet så mykje, men dette er altså eit samla anslag for kost/nytte.
Ja, samfunnsnytten av Stad skipstunnel hamnar på minussida, men det gjer òg dei aller fleste samferdsleprosjekta her i landet, ifølgje offisielle utrekningar frå Statens vegvesen. Mellom anna skårar E134 Oslofjordtunnelen endå lågare (–1,1). Det same gjer riksveg 19 Moss (–1,8) og riksveg 291 Holmenbrua–Braganes i Drammen (–1,1). Men om dette er kritikarane av Stad skipstunnel påfallande tause.
Det er ikkje poenget vårt å snakke ned samferdsleprosjekt andre stader i landet. Samstundes opplevast det urimeleg at Stad skipstunnel ser ut til å vere det einaste samferdsleprosjektet det har blitt legitimt å sitje i Oslo og vere imot.
Vestland og Møre og Romsdal er dei viktigaste eksportfylka i Noreg. Ein stor del av verdiskapinga i landet skjer her, hos verdsleiande bedrifter innan industri, sjømat og maritime næringar. Mykje av transporten som er knytt til eksportbedriftene våre, går sjøvegen. Ei årsak er ganske enkelt at vegnettet på Vestlandet er i særs dårleg forfatning. Det tek 15 timar å køyre frå Egersund til Kristiansund – så lang tid at det faktisk løner seg å køyre om Oslo (!). Då blir sjøtransporten ekstra viktig.
Ein annan grunn er at sjøtransport òg er langt meir klimavenleg enn vegtransport. Dette blir stadfesta i ein fersk rapport frå Statens vegvesen og Kystrederiene, som viser at sjøtransport slepper ut berre halvparten så mykje CO₂ som tidlegare antatt. Alle politiske parti i Noreg har òg programfesta at dei vil flytte meir transport over til sjøvegen.
Stad skipstunnel handlar i høgste grad òg om tryggleik. Når 90 prosent av norsk utanrikshandel går sjøvegen, er det avgjerande at denne transportåra fungerer – òg når vêret står på som verst.
Stadhavet er det farlegaste og mest vêrutsette havområdet vi har i Noreg. Kråkenes fyr, rett sør for Stad, har mellom 46 og 106 stormdøgn i året. Skip og båtar må ofte liggje og vente lenge for å kome seg forbi, noko som aukar kostnadene betydeleg.
Her på Vestlandet er engasjementet for Stad skipstunnel stort. Over 500 bedrifter har til no skrive under på eit opprop for tunnelen. Mellom lokalpolitikarar frå alle parti er det brei støtte til prosjektet. Dessverre ser det ikkje ut til at dei når fram til partifellar i aust. Høgre sin Nicolai Astrup er blant dei siste som har kasta seg på dei lettvinte «sløseri»-anklagene mot Stad skipstunnel. Gløymer han og andre sentrale politikarar at dei viktigaste eksportbedriftene i Noreg held til langs kysten?
Vi er glade for at Stortinget no har snudd og vedteke at prosjektet skal ferdigforhandlast. No må vestlandspolitikarar ta partikollegaene sine austpå i skule – for å få fram verdien av dette viktige prosjektet.
Det er for enkelt å sitje i Oslo og vere imot Stad skipstunnel. Det må kome tydeleg fram at samfunnsnytten ikkje er lågare enn i mange andre samferdsleprosjekt – mellom anna på Austlandet.
Helene Frihammer (regiondirektør NHO Vestland),
Lene Trude Solheim (regiondirektør NHO Møre og Romsdal),
Atle Rasmussen (regionleder LO Vestland),
Elisabeth Birkeland Hatlenes (Samarbeid i Nordfjord),
Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd),
Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest),
Heidi Nakken (Næringsforeningen i Ålesundregionen),
Vidar Myre (leder NITO Sogn og Fjordane)