
- Det blir verre. Dette gjer vi no
Det manglar ikkje på analysar av verdssituasjonen. Handling er derimot mangelvare. Her er det vi bør gjere no:
1. Forsvaret må styrkast – og det raskt
Heile Stortinget samla seg før jul om ein langtidsplan for Forsvaret. Denne er allereie utdatert. No må Forsvaret styrkast på rekordtid og handlingsregelen må om naudsynt vike for opprustinga. Ingenting er viktigare enn fred og fridom.
Støre-regjeringa må rydde opp i sitt eige rot. For samtidig som det er full krig i Europa planlegg det norske forsvaret å trene mindre i år. Det er uhaldbart. Samtidig har våpenprodusenten Nammo venta i fleire år på meir straum for å sikre heilt naudsynt våpenproduksjon. I staden har kinesiske TikTok fått tildelt 15 gongar så mykje straum. Galskap. Rydd opp!
2. Støtta til Ukraina må aukast, og Europa må samordne seg
Før jul ville Støre-regjeringa berre løyve 15 milliardar kroner til Ukraina. På grunn av press frå opposisjonen vart dette forhandla opp til 35 milliardar kroner. Dette er ikkje nok, men tenk så flaut om regjeringa hadde fått gjennomslag for sin opprinnelege sum. Norge kan ikkje lenger vere blant dei dårlegaste i Norden. Vi kan auke støtta betydeleg, utan at det vil gå ut over noko som helst. Ingen andre land er i same posisjon.
Samtidig må Europa samordne seg. «Kven ringer eg viss eg vil snakke med Europa?» skal Henry Kissinger ha sagt når han var utanriksminister i USA. Dette spørsmålet må Europa på nytt ha eit svar på.
3. Verdiskapinga må opp
For å betale for den store satsinga på forsvar og tryggleik må verdiskapinga opp. Så langt har Støre-regjeringa auka skattane med 120 milliardar kroner. Det har kome nye skattar, midlertidige skattar og høgare skattar. Rekordmange har flytta ut av landet. I staden for å skape ro heime i denne urolege verda har regjeringa sørga for at politisk risiko er tilbake i ordforrådet.
I Danmark får dei største skatteytarane takkebrev frå finansministeren, i Norge blir dei jaga ut av landet. Skattetrykket må reduserast, byråkratiet må krympe og føreseielege rammevilkår må tilbake.
4. Skulen må styrkast
Dei siste åra har bort i mot alle resultat i den norske skulen gått feil veg. Fråværet aukar, gjennomføringa går ned, læringsresultata er elendige og mobbinga aukar. Over 15 000 norske elevar går ut av ungdomsskulen utan å kunne lese skikkeleg, og over 18 000 utan å kunne rekne skikkeleg. 8000 elevar på vidaregåande hadde førre skuleår meir enn seks veker udokumentert fråvær. Det er ikkje rart at dei lærer mindre når dei ikkje er på skulen.
Vi må stille strengare krav, vi må prioritere tidleg innsats, læraren må vere sjef i klasserommet og undervisninga må bli meir tilpassa arbeidslivet. Då må vi få ein statsråd som ikkje berre er oppteken av russetida og iPad. Fokuset må rettast mot det viktigaste; grunnleggande ferdigheiter.
5. Helsekøane må ned – og folk må tilbake i jobb
Helsekøane er rekordlange. 260 000 nordmenn står no i helsekø. Ventetidene har auka med 12 dagar sidan Støre-regjeringa tiltrådde. Dei gjennomførte eit korstog mot private, og rekordmange plassar i både rus og psykiatri er lagt ned. Det er eit stort paradoks at staten betalar så lenge du er sjuk og ikkje kan vere på jobb, og ikkje heller brukar meir pengar på å få folk raskare gjennom behandling. Ta heller i bruk alle gode krefter slik at folk får den helsehjelpa dei har krav på raskare.
Samtidig som bedriftene manglar folk aukar talet på personar som er utanfor arbeidslivet. Berre sidan i fjor er det 10 000 fleire på arbeidsavklaringspengar. Veksten er størst blant dei unge. Berre i 2024 vart det 6400 fleire uføre – altså 17 personar kvar einaste dag. Dei samla utbetalingane til uføretrygd er no over 130 milliardar kroner i året.
Det er på tide å slutte å sløse med folk på denne måten. Heile NAV-systemet er overmodent for ei reform.
6. Beredskapen må opp – politiet må styrkast
Kriminaliteten har auka dramatisk berre dei siste åra. Det har på same tid vorte mange hundre færre politifolk i gatene, og nyutdanna politifolk går arbeidsledige. I Sogn er politistasjonssjefen uroleg over utviklinga og seier dei aldri har hatt så få politifolk som no. Regjeringa sine store prestisjesatsingar på justisfeltet, nye lensmannskontor og reversering av domstolsreforma, har skjedd mot nærast alle faglege råd.
På det nye politikontoret i Engerdal er det i snitt to besøk i veka. På grunn av krav frå regjeringa på opningstider, har kvart besøk kosta over 60 000 kroner. I Sigdal hadde det i juni i fjor vore 29 besøk på det nye kontoret. 17 av dei hadde gått feil.
Tilsett fleire politifolk, få bukt med kriminaliteten og kutt ut symbolsatsingar som er mot politifaglege råd!
7. Brems innvandringa og still strengare krav
Norge har tatt i mot tusenvis av Ukrainske flyktningar. Det er vår plikt, og har vore heilt riktig. Så lenge krigen pågår bør vi ta i mot flyktningar frå Ukraina.
På same tid har vi eit stort integreringsetterslep, og kommunane strevar med å ta i mot alle. Vi skal sjølvsagt gjere vårt bidrag, men dette er ikkje tida for færre reglar og større ikkje-vestleg innvandring slik fleire parti på venstresida føreslår.
Norge bør stramme inn innvandringspolitikken, stille strengare krav for familiegjenforening i tillegg til strengare krav til norsk språk- og samfunnskunnskap.
8. Handlekraft
Det er nok møter og prat i politikken. Det vi treng no, meir enn nokon gong er modige politikarar som kan ta avgjersler.
Det er grunn til å vere uroa for situasjonen, men det er ingen grunn til å gi opp. Vi er 500 millionar europearar. Det er berre 300 millionar amerikanarar og 140 millionar russarar. Europa har alle moglegheiter for å kunne lukkast.
Heldigvis er det val i september. Då kan vi røyste fram ein ny retning og eit nytt tempo. Det trengst.
Elias Eide,
stortingskandidat og fylkespolitikar for Høgre