Færre nordmenn enn før meiner Noreg bør søkje om medlemskap i EU, viser TV 2s ferske undersøking.

Færre nordmenn vil inn i EU

Nesten to tredelar av dei spurde seier nei til at Noreg bør søkje om medlemskap i EU, viser ei ny måling frå TV 2. EU-motstanden har auka sidan førre måling.

Publisert Sist oppdatert

I alt 64,8 prosent av dei spurde som har bestemt seg, svarer nei til om Noreg bør søkje medlemskap i EU, viser TV 2s EU-barometer for desember.

Berre 35,2 prosent seier ja til same spørsmål.

Førre gong TV 2 gjennomførte ei slik måling, var i april. Sidan den gongen svarer 6,2 prosentpoeng fleire nei til norsk medlemskap i EU. Det er fjerde gong på tre år at TV-kanalen gjennomfører ei slik undersøking.

Den siste undersøkinga er gjennomført éi veke etter at det vart klart at EU innfører restriksjonar på importen av jernlegeringar, noko som rammar norsk industri.

Undersøkinga er gjennomført av Verian for TV 2. I alt er 791 personar over heile landet intervjua i slutten av november. 18 prosent av dei spurde svarte at dei ikkje har bestemt seg. (©NTB)

Powered by Labrador CMS