Nær ein av fire gardar er utan fast busetnad
Seks prosent av innbyggjarane her i landet bur på ein landbrukseigedom. Det er nær 40.000 færre enn i 2015, viser tal frå SSB.
I tillegg har 23 prosent av alle gardar ikkje fast busetjing, går det fram av statistikken.
Ordet «småbruk» er ofte på toppen av dei mest brukte søkjeorda på Finn eiendom. Det viser seg likevel draumen om å dyrke eigne grønsaker og ha godt med plass rundt seg, likevel kan vere vanskeleg å få til. Trass i at mange landbrukseigedomar er fråflytta, blei berre ein tredel av eigedomane selde ut av familien. Dei som drøymer om småbruk og driv nettsøk, er nok langt fleire enn dei som faktisk endar opp som grunneigarar.
Så godt som alle kommunar har landbrukseigedomar med bustadhus utan fast busetjing, sjølv om det er stor skilnad i omfanget. Sentrale strøk med ein stor arbeidsmarknad påverkar truleg delen bustadhus som manglar busetjing.
I Akershus var berre ti prosent av desse eigedomane utan fast busetjing i 2024. I Nord-Noreg var heile 43 prosent av landbrukseigedomane utan fast busetjing. I Nordland var det 42 prosent, i Troms 38 prosent og 34 prosent i Finnmark.
Medan 32 prosent av eigedomane med mindre enn 50 dekar jordbruksareal var fråflytta, var tilsvarande tal for eigedomar med over 100 dekar seks prosent. Ein god del av eigedomane utan fast busetjing blir truleg brukte som fritidsbustader. (©NPK)