Brannar som oppstår utan tilsyn eller om natta, kan få store konsekvensar. Med eit aukande tal elektriske produkt i norske heimar, aukar sjansane for at uønskte hendingar oppstår.

Mange trassar råda og ladar mobilen om natta

Ei landsrepresentativ undersøking utført av Respons Analyse for Elvia viser at 66 prosent av nordmenn over 18 år ladar telefonar, nettbrett og PC-ar medan dei søv.

Publisert Sist oppdatert

Det svarer om lag til 2,9 millionar personar. Blant dei under 35 år er delen heile 76 prosent.

Dette trass i klare råd frå mellom anna brannvesenet om lading av mobil, nettbrett og anna elektronisk utstyr. Rådet er å lade når du er vaken og til stades.

– Om noko går gale, må du kunne reagere raskt. Om natta er reaksjonstida di mykje lengre, og giftige gassar frå ein brann kan vere dødelege før du merkjer noko, seier Kai Hulback, som er elsikkerheitingeniør i Elvia, i ei pressemelding. (©NPK)

Powered by Labrador CMS