Bygg Stad skipstunnel
Uttale vedtatt på Møre og Romsdal Venstre sitt årsmøte 22.03.2026:
Tida er inne for å ta ei endeleg avgjerd: Stad skipstunnel må byggast no.
Stad er eitt av dei mest vêrharde og farlege havstrekka langs norskekysten. Rundt 100 dagar i året er området prega av så krevjande forhold at skip må vente på betre vêr. Gjennom etterkrigstida har ulykker i området kosta liv. Ein skipstunnel vil gi tryggare ferdsel, meir føreseieleg transport og betre beredskap langs kysten.
Den oppdaterte kostnadsramma frå Kystverket viser no ein pris på 8,6 milliardar kroner – ein reduksjon frå tidlegare anslag på 9,4 milliardar. Dette viser at prosjektet lar seg vidareutvikle og optimalisere. Når prisen går ned, må viljen til å gjennomføre gå opp.
Stortinget har allereie slått fast at arbeidet skal vidareførast og at ein skal finne løysingar for å redusere kostnadene. No er det gjort, då er det tid for handling! Start bygginga!
Stad skipstunnel er meir enn eit samferdsleprosjekt. Det er eit tryggleikstiltak for sjøfolk, eit løft for næringslivet langs kysten og eit viktig bidrag til å flytte meir transport frå veg til sjø. Det er god næringspolitikk, god klimapolitikk – og god beredskapspolitikk.
Altfor lenge har prosjektet blitt utsett og sett på vent. No ligg det oppdaterte tal på bordet, behovet er godt dokumentert, og løysingane er klare.
Møre og Romsdal Venstre krev at bygging av Stad skipstunnel blir sett i gang snarast mogleg.