Smørdal Botn i aksjon på standplass i Anterselva tysdag.

OL-gull til Nordfjord

Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim tok gull på 20 kilometer skiskyting i OL i Italia tysdag. 

Nordfjordingen skaut fire fulle hus - 20 blinkar rett ned, og heldt god fart i sporet. Det var nok til eit sikkert gull og tittelen olympisk meister. 

- Det er det perfekte løpet, 20 av 20 treff i høgda i OL, sa NRK-kommentatorane då Smørdal Botn gjekk over mål. 

- Det er imponerande med 20 treff i sin OL-debut. Det er ikkje mange som klarer det på 20 km i OL, konstaterte ekspertkommentator Ola Lunde. 

Den franske favoritten Eric Perrot blei nummer to, 14,8 sekund bak nordfjordingen, medan nordmannen Sturla Holm Lægreid blei nummer tre, 48,3 sekund bak vinnaren.

Powered by Labrador CMS