Gutar 14-laget til Gloppen handballklubb med trenarar sesongen 2025/25.
Gutar 14-laget til Gloppen handballklubb skal spele A-sluttspel i Bergen i april.

G14-laget til GHK er klart for A-sluttspel

Gutar 14-laget til Gloppen handballklubb er eitt av to Sogn og Fjordane-lag som skal møte dei beste laga frå Hordaland første helga i april.

Publisert Sist oppdatert

- Eg synest det er vel fortent, seier Kari Arnestad, som er hovudtrenar for G14-laget til Gloppen handballklubb.

Etter siger mot Askvoll Holmedal-Dale i helga, er det klart at laget frå Gloppen er eitt av to lag frå Sogn og Fjordane som får spele A-sluttspel i Bergen første helga i april. 

Her møter Sogn og Fjordane-laga dei to beste laga frå Hordaland.

Bra samspel

G14-laget til GHK var blant dei seks laga i toppen av tabellen som har kniva om å kome vidare til A-sluttspelet. 

Gloppen-laget har spelarar frå både Sandane, Hyen og Breim. Arnestad har mange rosande ord å seie om spelarane.

- Dei er veldig flinke, treningsivrige, og dei er ein god kameratgjeng som har det kjekt i lag og som er flinke til å spele kvarandre gode, seier ho.

Trenaren fortel at samspelet i gruppa er godt.

- Styrken er at viss éin har ein dårleg dag, kjem det ein, to eller tre andre som har ein god dag. Vi har ein breidde i laget som gjer at vi scorar frå alle posisjonar, fortel Arnestad.

- Vi har gode målvakter, og når ein scorar frå alle hald, er vi eit vanskeleg lag å møte. Det er ikkje éin spelar eller posisjon motstandaren må ta ut, det er heile laget. Det er styrken vår, legg trenaren til.

Opptekne av lagkjensle

Arnestad seier ho og dei andre trenarane er opptekne av at laget skal vere ein kameratgjeng, at dei byggjer opp under lagkjensla, og at alle spelarane på laget er like viktige.

I fjor høyrde G14-laget til under STIL, då kvalifiserte dei seg til sluttspel i Førde. Her møtte dei vinnarane av B-sluttspelet i Hordaland, og vann ganske suverent.

- I år blir det spennande. Vi får møte litt jamnare motstand, seier Arnestad, og fortel at G14-laget har vunne mange av kampane sine med mange mål denne sesongen.

Ho synest det er flott at laget får prøve seg på mot dei beste hordalandslaga.

- Det er kjekt å få bryne seg, og at ein er nøydde til å skjerpe seg. Så får vi sjå kor det går, seier Kari Arnestad. 

Sluttspelet er i Bergen helga 5.- og 6. april.

 

Powered by Labrador CMS