Ellevill avslutning av Maren sikra norsk gull
Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ei enorm sisterunde og sikra med det norsk gull på verdscupstaftten i skiskyting i tyske Rupholding onsdag.
Jenta frå Gloppen og Stryn gjekk ankeretappen for det norske laget, og gjekk ut som nummer tre etter siste skyting, drygt ti sekund bak Italia og Frankrike.
Det såg ut til å bli ein kamp mot Sverige om bronsemedaljen, men så innhenta Hjelmeset Kirkeeide først den franske jenta, og på oppløpet knuste ho italienske Lisa Vittozzi.
Annonse
– For ei sisterunde. Det er heilt enormt. Det hadde eg ikkje trodd var mogleg, sier NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde.
– Det er det sjukaste eg har vore med på, Maren er ei gåve for oss alle, seier lagvenninne Karoline Knotten til allmennkringlkastaren.