Regjeringa sender SMS til 3,5 millionar nordmenn
(NPK-NTB): Alle medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn får SMS frå staten frå og med neste veke. I den vil det komme informasjon om korleis ein kan sjekke eige medlemskap i trus- eller livssynssamfunn.
Det var Vårt Land som meldte om saka først.
– Det er eit kraftfullt tiltak. Det er ikkje kvar dag vi sender ut SMS-ar til menneske. Men no vil omtrent fire millionar få denne meldinga, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til VG.
I meldinga vil det stå «Du kan sjekke kva for eit trus- eller livssynssamfunn du er registrert som medlem av. Logg inn i Altinn for å lese meldinga».
Denne blir send til 3,5 millionar nordmenn som er registrerte som medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn. SMS-ane vil koste rundt to millionar kroner å sende. Dei blir sende i puljar for ikkje å overbelaste Brønnøysundregistras nettside.
Frå og med måndag 30. november blir meldinga send ut, ifølgje ei pressemelding.
– Eg håpar folk bruker løysinga, og at det gjer at folk er medlem der dei ønskjer. Det handlar om trusfridom i praksis. Samtidig vil det kunne avdekkje feilregistreringar og sikre ein betre kontroll, seier Vågslid i meldinga.
Meldinga blir send etter eit vedtak frå Stortinget.
Over 200 personar har klaga til staten etter å ha oppdaga at dei er registrerte i trussamfunn mot sin vilje. Over 1000 personar har tipsa VG om liknande forhold. Tipsa gjeld 180 ulike trussamfunn – meir enn kvart fjerde i Noreg. (©NPK)