Desse blir du kjend med i jubileumssesongen av populært fjernsynsprogram
Sesong nummer 25 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» blir publisert i NRK TV førstkomande søndag (29. november).
Det folkekjære programmet er klart med ni nye episodar, og er blitt er ein juletradisjon for mange. Den første helga i advent kan du igjen møte menneske som bur langt frå byen, men nær draumen om eit enkelt liv.
– NRK-klassikaren er meir populær enn nokosinne. Serien er blitt ein sjåarfavoritt – og har dei siste åra fått både norsk og internasjonal heider, skriv NRK i ei pressemelding.
I dei to første programma får sjåarane møte eit ungt par som mange nordmenn er blitt fascinerte av:
Agnes Klevmark og Lage Dokken blei kjende for heile Noreg i 2024, då dei flytta inn på eit forfalle småbruk, der det ikkje hadde budd folk på fleire tiår. «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har følgt paret gjennom dei siste to åra. På garden har mykje endra seg, og når Lage står i sitt livs hardaste kamp, prøver Agnes å vere sterk for kjærasten.
Lenger nord i landet bur Irma Ellinor Nilsen (73). Stormane frå havet og vegløysa har drive vekk alle frå bygda Brennsund – utanom éi. Irma flyttar ikkje. Ho vil ta vare på heimplassen.
Vest i havet vil arbeidsjernet Vebjørn Kjerstad Aasgard bli gamal på husmannsplassen Sluppen i Solund. Medan han byggjer opp den nye veglause heimen, blir framtida brått uviss.
Ved innfallsporten til Breheimen blir Ove Lilleengen hyttevert i fjellet for å få meir tid med familien. Men drifta av turisthytta Sota sæter i Skjåk krev nesten all tid han har.
Ikkje alle kvinner midt i livet gjer som Camilla Levine i åsane i Trøndelag: Ho set i stand ei forfallen seter – Svorklandsætra i Skaun kommune – heilt åleine. Camilla vil vise at alle kan.
I skogane nord for Arendal søkjer Ide Marie Folåsen eit enklare liv – utan veg og straum. Her set ho inn alt på å setje i stand eit 160 år gamalt hus for seg og borna.
På fjellgarden Kroken i Sogn har Ben Ward brukt alle krefter på å byggje opp ein fjellgard, for fleire enn seg sjølv. I dei to avsluttande episodane om engelskmannen får livet på fjellhylla ein ny start.
Fakta
«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein norsk fjernsynsserie om menneske som bur langt frå byen, men nær draumen om eit enklare liv. Det første programmet blei sendt på NRK i 2002. Sidan er det laga 25 sesongar av serien.
Tidlegare i år vann «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» Gullruten for beste regi og fekk heider i den europeiske kringkastingsprisen Prix Circom 2026.
Sist sesong er sett av éin million sjåarar i snitt, og serien var i fjor det tredje mest sette i NRK TV, målt i minutt brukt.