Noregspris blir dyrare som planlagt: – Vårt største nederlag, seier Raudt
Raudt erkjenner at dei ikkje fekk hindra prisauken på noregspris i forhandlingane om statsbudsjettet for neste år.
Fleire parti gjekk inn i budsjettforhandlingane med krav om å senke Arbeidarpartiets foreslåtte prisauke på noregspris frå 40 til 45 øre. Det fekk dei likevel ikkje til, skriv Nationen.
– Det er kanskje vår største skuffelse og nederlag her. Det er vi ikkje spesielt glade for, seier Raudts forhandlingsleiar Mimir Kristjansson til avisa.
– Men realiteten er at vi opplevde at vi var ganske åleine om å vere opptekne av det. Det var også veldig hardt motarbeidd frå MDG og frå Arbeidarpartiet, som var insisterande på at dei skulle auke noregsprisen, seier Kristjansson.
Han seier prisauken nok gjekk ut over ønsket om kutt i drivstoffprisane, som det vart semje om. Senterpartiet stilte ultimatum om saka i forkant av forhandlingane. (©NPK)