MDGs forhandlar Oda Indgaard seier partiet ikkje støttar budsjettforslaget frå Arbeidarpartiet i det fristen gjekk ut klokka 10 onsdag. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Ap legg fram budsjettavtale – MDG ikkje med

MDGs budsjettforhandlar Oda Indgaard seier at partiet ikkje støttar Arbeidarpartiets forslag til statsbudsjett. Aps forslag blir dermed lagt fram utan fleirtal.

Publisert

– Eg har gitt beskjed til Arbeidarpartiet om at vi ikkje kan stå bak det budsjettforslaget dei har lagt fram. For oss er budsjettforslaget altfor dårleg på klima, seier MDGs forhandlar Oda Indgaard til pressa på Stortinget like etter budsjettfristen klokka 10.

– Vi ønskte å forhandle vidare med Arbeidarpartiet. Det har eg gitt uttrykk for, og døra mi står open viss Arbeidarpartiet skulle ønskje å forhandle vidare, seier ho.

Ap tause

Aps sjefforhandlar Tuva Moflag gav ingen kommentarar på veg ut frå møtet, men gjekk rett til kontoret sitt.

Dei andre partia, SV, Senterpartiet og Raudt, blei verande på forhandlingsrommet etter at Ap og MDG gjekk ut.

Det er førebels ikkje stadfesta om desse partia støttar Arbeidarpartiets forslag til budsjett.

– Svak leiing

Arbeidarpartiets forhandlar Tuva Moflag forlét forhandlingsrommet utan å seie eit ord etter at MDG melde at dei ikkje støttar forslaget til statsbudsjett.

Klokka 10 gjekk fristen ut for å einast om eit statsbudsjett. Det forslaget som førebels ligg på bordet frå Arbeidarpartiet treng støtte frå alle dei raudgrøne partia for å sikre fleirtal i Stortinget.

– Det vi no ser i budsjettforhandlingane er ufatteleg svak leiing frå Støre og Arbeidarpartiet. Dei viser at dei ikkje har noko anna politisk prosjekt enn å sitje i regjering. Og grunnlaget dei styrer på forvitrar for kvar nye forhandling, seier finanspolitisk talsperson for Høgre Henrik Asheim til NTB.

Utan MDG må dei altså leggje fram eit budsjettforslag utan fleirtal. Det skjedde også i fjor, då MDG braut forhandlingane og SV ikkje ville støtte eit forslag som ikkje hadde fleirtal. Dei slutta seg seinare til forslaget. (©NPK)

Powered by Labrador CMS