Ragnhild Janbu Fresvik er konsernsjef i Eviny. Arkivfoto.

Vil gje 1,1 milliardar kroner i utbyte

Kraftselskapet Eviny fekk eit årsresultat på i overkant av 1,7 milliardar kroner i 2025, noko som er 247 millioner kroner betre enn året før.

Styret føreslår å dele ut 1,1 milliardar kroner i utbyte. Det er 57 millionar kroner meir enn i 2024. 

Ifølgje ei pressemelding fra Eviny bidrog selskapet med totalt 5,2 milliardar kroner til fellesskapet i 2025 gjennom skattar, avgifter og utbyte til eigarane.

– Utbytet aukar frå i fjor, og Eviny fortset å vere mellom dei selskapa med høgast utdeling til fellesskapet, seier styreleiar Karl Erik Kjelstad i pressemeldinga. 

Om generalforsamlinga vedtek styret si tilråding til utbyte på generalforsamlinga 21. mai, vil Sunnfjord kommune, som eig 2,3 prosent av aksjane i selskapet, få 25 millionar kroner. 

Den største eigaren, Statkraft, vil få 492,2 millionar, medan Bergen kommune vil få 416,5 millionar kroner. 

Powered by Labrador CMS