Tine: Behov for meir mjølk og større kvotar neste år
Redusert produksjon og større etterspurnad etter mjølk får Tine til å sende ut signal om at mjølkekvotane truleg blir skrudde opp neste år.
Leveransane av kumjølk til meieria her i landet går meir ned enn venta, og etterspurnaden etter mjølk blir truleg langt større neste år enn i år.
Tine baserer seg på tal og prognosar frå Norsk melkeråvare, som er den avdelinga i Tine som har ansvar for marknadsregulering av mjølk.
Meieria her i landet tok imot 113,6 millionar liter kumjølk frå norske bønder i august. Det er 5,1 millionar liter mindre enn i same månaden i fjor, ein nedgang på 4,3 prosent, melder Nationen.
Produksjonen av mjølk hittil i år er mindre enn i fjor, medan etterspurnaden aukar. Tine går derfor ut med eit klart signal til bøndene: Kvotane for kumjølk vil etter alt å dømme bli skrudde opp neste år.
(©NPK)