Nesholmen er ein fantastisk stad å besøkje for små og store i Hyen barnehage.

Barnehagane har ordet: Har ekstra fokus på uteleik og uteliv

Hyen barnehage har hatt og skal framover ha eit ekstra fokus på uteleik og uteliv.

Publisert

I årsplanen vår står det at «Uteleik og uteliv er ein sentral del av kvardagen i barnehagen, og har stor betydning for barna si utvikling, trivsel og helse. Når barna får leike ute i variert terreng og i ulike vêrtilhøve, styrkjer dei både grovmotorikk, sanseopplevingar og kreativitet. Naturen inviterer til frie og fantasifulle leikar, samtidig som den byr på utfordringar og opplevingar som ein ikkje finn innandørs.»

Det å reise på tur saman gjer godt for samhaldet og fellesskapet i barnehagen.

Turbotråkk

Rammeplanen seier: «Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar.»

Då passa det bra når vi tidlegare i vår fekk ein e-post frå barnas turlag om vi ville vere med på turbotråkk. Vi er glade i å vere ute, men skulle gjerne ha vore meir på tur, så dette trefte oss akkurat.

Valet fall på Nesholmen

Så ut på hausten kom postbilen med ein pakke til oss. Vi blei veldig nysgjerrige på kva som var oppi. Barna fekk vere med å opne pakken og oppi var Turbo. Vi kunne fortelje at Turbo var veldig glad i å gå på tur, akkurat som oss. Og så leste vi om då han skulle måle T´ar til turløypene og gjekk seg vekk i skodda.

Borna fekk boltre seg i naturen.

Vi vaksne begynte deretter å planlegge turdag for barna og Turbo. Skulle vi ha med alle barna, skulle vi gå på tur i Hyen, skulle vi reise lenger vekk, korleis i alle dagar skulle vi organisere dette?

Valet fall på Nesholmen, ein plass mange i barnegruppa kjenner til og har eit forhold til, andre ikkje. Sidan tema i september er nærmiljø og trafikktryggleik (i tillegg til brannvern), fann vi ut at vi ville ha med alle barna på tur. I tillegg til å utforske nærmiljøet til nokre av barna, er det å reise på ein slik tur i lag godt for samhaldet og fellesskapet og forhåpentlegvis skaper vi nokre gode minne.

Eit fantastisk område

Nesholmen er for langt unna til at vi kunne gå, så vi måtte køyre. Førskulegruppa skulle få køyre buss, noko som er ei oppleving i seg sjølv. Dei andre skulle køyre bil. Foreldra måtte engasjerast med bilseter og skifteklede, grillmat måtte handlast inn og det var mange ting å tenke på.

Borna fekk vere med på å leite etter torbotråkk-postar.

Så kom endeleg dagen. Spente hadde vi sjekka vêrmeldingane i dagevis, dei var gode, og jammen slo det til. Det vart ein dag med fantastiske flott haustvêr. Sola skein frå knallblå himmel. Bussturen gjekk fint, bilturen gjekk fint og vi var spente då vi endeleg kom fram til Nesholmen. Det er eit fantastisk område for leik og utforsking. Der er fjære, klatretre, disse, sklie, stiar og god plass til å utfalde seg. For nokre var det utfordrande å gå på det glatte berget, for andre var det spennande å klatre så høgt dei kunne i treet. Der er noko alle kan finne glede i og noko å strekke seg etter.

Ein spesiell dag

Turbo hadde laga klart ein natursti til oss med spørsmål om friluftsliv. Denne vart gjennomført med liv og lyst, og det var spennande om vi fann fleire postar. Klokka gjekk fort, og til slutt måtte vi pakke saman og reise tilbake til barnehagen. Små og store var godt fornøgde. Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Dette er forteljinga om ein spesiell dag i barnehagen. Ikkje alle dagar er slik, men alle dagar er fulle av meistring, prøving og feiling og prøving igjen. Undring og utforsking, leik og moro, samhald og vennskap. Alt er viktig for at vi skal ha det bra i barnehagen.

Powered by Labrador CMS