Illustrasjonsfoto frå ein musikal sett opp av musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule.

Moglegheiter blir tatt ifrå dei unge

Dans- og dramalinjene på Firda kan døy ut i begynnelsen av neste år. Politikarane tenker at neste skulestart skal det ikkje komme nye elever på dans- og dramalinjene på Firda. Elevar kan miste moglegheiter til å spesialisere seg innanfor den interessa dei har, og det kunne gitt fleire jobbmoglegheiter seinare i livet som kan både hjelpe til med å halde kulturen vi har i live, mens vi får drive på med noko vi likar. 

Det triste med dette er at elever på ungdomsskular veit at dei vil gå her, men dessverre har ikkje så stor moglegheit til å påverke framtida deira. Derfor skriv eg dette for å gi informasjonen ut til samfunnet, så dei kan sjå kor viktig desse linjene er for både elevar som lærer det dei er interesserte i, men og korleis det påverkar samfunnet. 

Utan dans- og dramalinjene kunne vi ikkje ha musikalar her på Firda, heller ikkje haustfest som er så gøy. Det blir sikkert eit mindre miljø, og kanskje dei moglegheitene vi har på skulen, som open skule, kan bli prega av at det blir for lite folk som møter opp, og at ein reduserer opningstidene. Mange som er på open skule er hybelelever der elevar er ilag på kvelden, kosar seg saman og et god mat. 

Politikarane seier at vi begynner å bli dårlege i fag som norsk, matte, og andre fag vi treng vidare i livet, men kvifor begynner dei å ta vekk linjer med studiespesialisering? Da blir det jo enda meir yrkesfag der det er mindre skule og meir i jobb. Når vi går på linjer vi liker, har vi noko å sjå fram til kvar dag. Sjølv om vi ikkje liker matte og slike fag så veldig mykje, så har vi ein dansetime etter som gir oss ny giv. 

Det er ikkje berre elevane dette går ut over, for lærarar mister like mykje, om ikkje meir. Lærarane mister òg jobben dei elskar og må flytte og jobbe med noko dei kanskje ikkje er så motiverte for. Dei har òg spesialisert seg innanfor det programfaget dei lærer vekk, og kjem til å sakne moglegheita til å påverke unge personar med gleda frå det programmet dei lærer vekk.

Malin Vedvik Hestdal

Powered by Labrador CMS