Utdanningsdirektoratet har foreslått store endringar i vidaregåande opplæring fram mot 2030. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Fleire organisasjonar åtvarar mot forslag til ny vidaregåande

Lektorlaget, Tekna og Forskerforbundet går saman mot Utdanningsdirektoratets planar for vidaregåande skule. Dei krev å få sjå forskinga bak forslaga.

Publisert

Reforma er omtalt som den største reforma i vidaregåande skule på 30 år, skriv NRK.

Direktoratet foreslår mellom anna at elevane skal velje mellom seks studieretningar, og at framandspråk ikkje lenger skal vere obligatorisk. Elevar som begynner på studiespesialisering i 2030, kan dermed møte ein heilt ny skule.

– Vi meiner at dette forslaget kan føre til fagleg svakare elevar, seier leiar Helle Nyhuus i Lektorlaget til NRK.

Organisasjonane etterlyser også større openheit og meir involvering. Dei meiner direktoratet først må definere kva som er problemet med studiespesialiseringa i dag.

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist understrekar at planane er på eit tidleg stadium og at direktoratet har fått 1800 innspel til skissa, som dei no skal gå gjennom. Om forskingsgrunnlaget viser han mellom anna til anbefalingane frå Lied-utvalet frå 2019.

– Det vi har komme med no, er ei tidleg skisse på korleis framtidas vidaregåande ser ut, seier han.

Planen er at forslaga skal sendast ut på høyring i 2027. (©NPK)

Powered by Labrador CMS