Jens Stoltenberg seier regjeringa vil gjennomføre Stortingets vedtak.

Sp påførte regjeringa drivstoffnederlag: – Ikkje ein god dag for samarbeidet

Finansminister Jens Stoltenberg lovar å gjennomføre vedtaka om kutt i fleire avgifter Stortinget gjorde torsdag kveld. Samtidig kritiserer han Vedum.

Publisert

– Vi kjem til å gjennomføre det fleirtalet har bestemt, det er folkestyre og demokrati, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap) til pressa etter dramaet i Stortinget torsdag kveld. Mot regjeringa sin vilje vedtok Stortinget å kutte avgiftene med 4,7 kroner per liter på bensin og 2,85 kroner på diesel gjennom den såkalla vegbruksavgifta.

– Nokre av forslaga er det enkelt å gjennomføre raskt, til dømes fjerning av vegbruksavgifta reknar eg med vi kjem til å få på plass 1. april, seier Stoltenberg.

Enkelte av dei andre vedtaka kan ta meir tid, meiner han.

– Det kan krevje regelendringar og avklaringar i forhold til statsstøtteregelverket, seier Stoltenberg.

Han seier dette spesielt gjeld nokre av forslaga om å kutte CO2-avgiftene til næringslivet.

I ei fråsegn til NTB lovar også statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) å følgje opp Stortingets vedtak.

– Vi tek til etterretning vedtaka i Stortinget i dag for å bidra til senka drivstoffprisar. Arbeidarpartiet leier ei mindretalsregjering og vil følgje opp vedtak som er gjort av eit fleirtal i Stortinget, seier Støre.

– Ikkje ein god dag

Stoltenberg understrekar at også han meiner det var rett med politiske grep for å gi folk betre råd i ei krevjande tid. Han er likevel kritisk til hastebehandlinga.

– Det viktigaste er at det blir gjennomført tiltak for å lette situasjonen for alle dei som no slit med høge kostnader, ikkje berre på drivstoff men også på andre ting. Det har Ap heile vegen meint at vi måtte gjere noko med, seier finansministeren.

Samtidig rettar han peikefingeren mot Aps budsjettpartnar Sp, som han meiner bryt budsjettavtalen mellom Ap, SV, MDG, Raudt og Sp.

– Det er i strid med budsjettavtalen. Dette er ein avtale som er inngått i Stortinget, seier Stoltenberg.

– Dette er ikkje ein god dag for det samarbeidet, seier han.

Jubel hos dieselkameratane

Medan Stoltenberg kom ut i vandrehallen med ei alvorleg mine, var stemninga ein annan hos partia som fekk fleirtal for avgiftskutta: Høgre, Sp, KrF og Frp.

– Senterpartiet er veldig oppteken av transportkostnader for folk i Noreg. Vi er veldig glade for at vi får redusert prisane på anleggsdiesel, vanleg diesel og på bensin. Ikkje minst også fordi det er så mange av oss som bur ute i landet som treng ein bil, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Han erkjenner at det vil bli krevjande budsjettforhandlingar etter pumpedramaet i Stortinget torsdag.

– Det blir sikkert ein krevjande runde, for vi har ulike syn. Men sånn er det jo. Det er ulike parti, seier Vedum.

Også Sylvi Listhaug jublar over vedtaket torsdag, som ho meiner burde komme for lenge sidan.

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) på Stortingets torsdag, i samband med debatten om drivstoffprisane.

– Eg synest det er utruleg gledeleg og heilt nødvendig for både folk og bedrifter at vi fekk teke grep om avgiftene. Det er jo inga unnskyldning når vi ser at nabolanda våre – Sverige til dømes – klarer å få til reduserte drivstoffavgifter, at ikkje Noreg skal greie det, seier Listhaug til NTB.

Jublar med

KrFs finanspolitiske talsperson, Jørgen H. Kristiansen, seier at det er to grunnar til at han synest avgiftskutta er ein god idé.

– For det første så handlar det om sosial rettferd. Vi veit at fleire av dei som sit nedst ved bordet, køyrer diesel- og fossilbilar, seier han.

– Det andre poenget som er utruleg viktig, det handlar om distrikt. Det handlar om at det ikkje er alle som har T-bane, det er ikkje alle som har hundrevis avgangar, sånn som vi har i sentrale Oslo.

Trond Helleland i Høgre meiner at vedtaket er veldig bra.

Frp-leiar Sylvi Listhaug og finanspolitisk talsperson for KrF Jørgen H. Kristiansen smilte breitt etter vedtaket.

– No har det vore så høge prisar, og dette har pressa den vanlege bilisten, men ikkje minst næringslivet. Dette vil bidra til eit lågare prispress, også på matvarer og andre varer. Fordi transportkostnadene blir haldne nede.

MDG tornar

Venstre, MDG og SV uttrykte alle motstand frå talarstolen til forslaga som vart vedtekne torsdag. Dei er bekymra for effekten på klimaet. Ingrid Liland i MDG tornar mot Senterpartiet spesielt.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum var svært fornøgd etter vedtaket.

– Dette er eit soleklart brot på budsjettavtalen, og spørsmålet er om den er veldig mykje verdt. Det må Senterpartiet ta ansvar for, men det store spørsmålet er kva gjer Ap og kvar er Støre? Kva er vitsen med å vere statsminister om du lèt Frp, H og Sp styre statsbudsjettet, spør Liland.

Raudt stemde ikkje for nokon av forslaga, men seier dei er glade for at noko vart gjort noko med det auka kostnadsbiletet for folk flest.

– Vi er glad for at drivstoffavgiftene blir mellombels kutta i dag, det skulle berre mangle. Pumpeprisen er altfor høg, og rammar arbeidsfolk hardt, derfor foreslo vi å kutte avgiftene på bensin og diesel i dag, seier Mímir Kristjánsson i Raudt.

Powered by Labrador CMS