Måtte reddast etter å ha kome på rygg på Utvikfjellet.
Slik låg kua i grøfta. Ho verka sjanselaus til å kome seg på beina att utan hjelp.

Slik blei kua hjelpt på beina

Av og til treng dyr som beitar i terrenget hjelp for å kome seg på beina att. 

Publisert Sist oppdatert

Onsdag ettermiddag kom ei ku på rygg i ei veggrøft på Utvikfjellet og greidde ikkje å kome seg opp att. 

Heldigvis for kua kom ein bladfyk og ein pensjonert brannmann forbi. I sistnemnde sin bil var alt ein trong for å hjelpe det uheldige storfeet på "rett kjøl". 

I videoen under ser du korleis det gjekk til. 

Vi nyttar samstundes høvet til å minne om at sauer og kyr som kjem på rygg gjerne ikkje greier å kome seg opp att, og går ein ublid skjebne i møte om dei ikkje får hjelp i løpet av nokre timar. 

Ha auga med deg når du går i terrenget, og meld frå om du kjem over dyr i vanskar! 

Powered by Labrador CMS