
Styrk pensjonsrettane
Pensjonistforbundet har lenge slått fast at det er naudsynt med endringar i norsk pensjonspolitikk som løftar all alderspensjon frå Folketrygda over fattigdomsgrensa. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) så er det blant dei eldste i Noreg, folk over 67 år, at det er flest folk som har levd med langvarig låginntekt. Den noverande politikken gjer ikkje nok i kampen for å få fjerna fattigdommen blant eldre.
Raudt har vore imot pensjonsreformene som har komme på løpande band. Raudt var ikkje med på det siste pensjonsforliket på Stortinget som mellom anna gjekk ut på ei høgare aldersgrense for alderspensjon. Det er Raudt sitt standpunkt at den ordinære pensjonsalderen igjen må bli 67 år.
Raudt vil dessutan auke minstepensjonen med ytterlegare 0,1 gongar folketrygda sitt grunnbeløp (G) kvart år. Det tyder om lag 13.000 kronar meir i året, i tillegg til dei årlege reguleringane, som over fire år vil tyde ei auke på over 50.000 kronar.
Vidare vil Raudt auke obligatorisk tenestepensjon (OTP) til fire prosent, slik fagrørsla krev, for å løfte dei som har lågast opptening i dag. Raudt vil dessutan fryse levealdersjusteringa for dei neste fire årskulla, slik at nye pensjonistar skjermast for dei automatiske kutta i pensjonsreforma i perioden.
Rita Tonning,
1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane i stortingsvalet