Arbeidarpartiet og Støre vil bli heilt avhengige av Raudt og MDG for å behalde makta etter stortingsvalet om denne meiningsmålinga skulle slå til. Foto: Carina Johansen/NTB/NPK.

NRKs supermåling: Støre får truleg halde fram

Arbeidarpartiets Jonas Gahr Støre ligg an til å få halde fram som statsminister etter stortingsvalet, ifølgje NRKs siste meiningsmåling før valet 8. september

Publisert Sist oppdatert

Målinga har raudgrønt fleirtal, men Arbeidarpartiet og Støre vil bli heilt avhengige av Raudt og MDG for å behalde makta.

Dei raudgrøne partia får 88 mot 81 mandat hos dei borgarlege.

MDG og Raudt må halde seg over sperregrensa for å sikre raudgrøn siger, og på borgarleg side må KrF og Venstre klare det same. På denne målinga er alle sperregrensepartia over 4 prosent.

Utjamningsmandata fordeler seg slik: SV (5), Venstre (4), MDG (4), Raudt (3), KrF (2) og Senterpartiet (1).

MDG, KrF og Raudt går mest fram på målinga, medan Ap og Høgre er taparane med ein nedgang på høvesvis 1,8 og 3,8 prosentpoeng sidan mai.

Fleire profilar ute av Stortinget

I Troms viser målinga at Sandra Borch mistar stortingsplassen sin, medan Frp kan få to mandat frå fylket.

I Finnmark mistar Pasientfokus mandatet sitt. I Nordland mistar Senterpartiet og SV eitt mandat kvar, medan Raudt beheld sitt eine. Frp får to mandat frå fylket.

I Nord-Trøndelag valdistrikt mistar Venstre det eine mandatet sitt, som går til Frp. I Sør-Trøndelag mistar Senterpartiet begge mandata sine, medan Frp og Ap får eitt mandat meir enn i dag.

I Møre og Romsdal, Frp-leiar Sylvi Listhaugs heimfylke, ligg Frp an til å kapre tre av dei seks direktemandata i fylket. I Sogn og Fjordane tek Frp eitt av fire direktemandat.

Frp fossar fram

I Hordaland er Frp den store vinnaren. Hadde målinga vore valresultatet, ville partiet fått fire direktemandat. Dei tek eitt mandat frå Høgre og eitt frå Senterpartiet. Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn fell ut av Stortinget.

I Rogaland mistar SV sitt eine og Senterpartiet begge direktemandata sine. Samtidig får Frp tre av åtte mandat frå valdistriktet.

I Agder er Frp størst i begge valdistrikta. Målinga viser at dei nye veljarane til Frp i hovudsak stemde Høgre og Senterpartiet ved førre val.

I Buskerud kan Høgre tape eitt av dei to mandata sine. Det betyr at Sandra Bruflot er ute. Frp får eitt ekstra mandat, medan SV ligg an til å miste sitt eine.

I Akershus mistar Venstre eitt mandat og Høgre to av sine, medan Frp doblar stortingsgruppa si frå to til fire. Dermed kan Hårek Elvenes, som har sjetteplassen på Høgres liste, falle ut av Stortinget.

I Oslo kan Høgre miste to av fem representantar. Både Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde ville falle ut om denne målinga var valresultatet.

– Gamle tal

Heile målinga med endringar frå førre supermåling i mai parentes.

Ap 27,6 prosent (−1,8), Frp 21,2 (+0,6), Høgre 14,6 (−3,8), SV 6,8 (+0,3), Raudt 6,4 (+1,0), Sp 5,6 (+0,1), KrF 4,7 (+1,2), MDG 4,6 (+1,5) og Venstre 4,4 (+0,4).

Målinga er teken opp mellom 7. og 19 august, og 15.200 veljarar i alle valdistrikt er spurde om kva dei ville stemt om det var val i dag, 800 personar i kvart distrikt.

Tala er altså nokre veker gamle. Dei første intervjua vart gjort 7. august i Nord-Noreg, medan intervjua i Oslo, Akershus og Østfold vart gjort 17.–19. august.

– Det verkar rart at NRK ikkje publiserer med ein gong etter at intervjua er ferdige. Viss NRK hadde gått ut med tala med ein gong for åtte dagar sidan, kunne ein sagt ein god del om situasjonen her og no. Det kan ein ikkje gjere på same måte no, seier valforskar Johannes Bergh ved Universitetet i Oslo til Nettavisen.

Høgre reagerer

– Meiningsmålingar er ferskvare, det vil alle som kan noko om meiningsmålingar, kunne stadfeste. Dei andre media publiserer no langt ferskare meiningsmålingar, seier generalsekretær Tom Erlend Skaug i Høgre til Nettavisen.

Målinga skal vere meir presis enn ordinære meiningsmålingar, der rundt 1000 personar blir intervjua. For dei største partia ligg usikkerheitsmarginen på denne målinga på 1 prosentpoeng. (©NPK)

Powered by Labrador CMS