Dei borgarlege tek innpå i ny meiningsmåling

Dei borgarlege partia aukar med to mandat på TV 2s siste stortingsbarometer frå Verian. Men Venstre er framleis under sperregrensa.

Publisert Sist oppdatert

Dersom det var val i dag, ville dei raudgrøne fått 88 mandat, medan dei borgarlege ville enda på 80, viser TV 2-målinga.

Pasientfokus beheld det eine mandatet sitt frå Finnmark på denne målinga.

Venstre går fram 0,5 prosentpoeng og hamnar like under sperregrensa med 3,7 prosent. Men sjølv om Venstre skulle passere 4 prosent og komme over sperregrensa, ville det framleis ikkje gitt borgarleg fleirtal, ifølgje TV 2s berekningar.

– Hovudproblemet er Høgre og Venstre. Begge desse partia har ein stor jobb å gjere dersom dei borgarlege skal vinne valet, seier TV 2s valanalytikar Terje Sørensen.

På raudgrøn side går Raudt mest tilbake, men er framleis størst av dei to partia ytst til venstre. Jonas Gahr Støre er avhengig av støtte frå alle dei fem raudgrøne partia for å sikre fleirtal.

Heile målinga, endring frå målinga publisert 22. august i parentes:

Raudt 6,8 (−0,6), SV 5,6 (−0,2), Ap 27,0 (+0,3), Sp 6,3 (+0,4), MDG 4,7 (−0,1), Venstre 3,7 (+0,5), KrF 5,4 (+0,2), Høgre 15,8 (+0,9), Frp 21,0 (−1,8), Andre 3,8 (+0,5). Undersøkinga er utført av Verian for TV 2. Eit landsrepresentativt utval på 1583 personar er intervjua mellom 18. og 22. august.

Usikkerheitsmarginen på målinga er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng og størst for dei store partia.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS