
Jakt- og fiskerettar må framleis vere på norske hender
Haust er jakttid, og gjennom historia har jakt- og fiskerettar vore ein viktig ressurs for lokalsamfunna rundt om i landet, både som matauk og rekreasjon. Senterpartiet vil sikre at det skal vere lokal forankring av desse rettane også i framtida. Dette i sterk kontrast til Høgre og FrP som ønskjer å liberalisere regelverket for eige av landbruks- og skogbrukseigedomar i Noreg.
Dersom dei får fleirtal for å gjennomføre denne politikken, vil det kunne føre til at folk som bur andre stader i Europa i større grad vert eigarar av areala rundt om i Noreg. Det vil bety at jakt- og fiskerettar også i større grad vil kunne kontrollerast av folk som bur i Hellas, Irland og Frankrike. Senterpartiet kjem til å kjempe for lokal og norsk eigarskap av desse verdiane.
Senterpartiet har gjennom regjeringsdeltakinga vist at vi sikrar nasjonal eigarskap. Imot Høgre og FrP sin vilje sikra vi norsk kontroll med ein av Noreg sine største eigedomar, Meråker brug i Trøndelag. Eigedomen er på heile 1300 km2. Senterpartiet ønskjer ikkje å opne for bit-for-bit sal av Noreg. Bruk stemma di og hjelp oss å sikre at kontrollen med areala, jakta og fisket vert på norske hender også i framtida.
Godt val.
Erling Sande,
førstekandidat Sogn og Fjordane Senterparti