
Auka tilgjenge gjev auka bruk
I vår gjekk Arbeidarpartiet saman med Venstre og Høgre og gjennomførte tidenes liberalisering av narkotikapolitikken, for å nytte Venstre sine ord. Det er høyrer ikkje heime at det no er meir straffbart å ta seg ei øl i parken, enn ei stripe med kokain. Og lat det verte sagt med éin gong, det er ikkje vaksne rusavhengige me ynskjer at politiet skal springe etter, dei skal ha helsehjelp, men det er politikken for å forhindre at fleire kjem dit som står på spel.
Det er spesielt tre forhold som er store steg i feil retning. Avkriminalisering av å bli teken med brukardosar, uklarheit om kor stor ein brukardose er for at den er straffbar, og innføring av forenkla førelegg for mindre narkotikalovbrot.
Bruk og besittelse vil i praksis vere avkriminalisert etter dette, og politiet mistar viktige verktøy for å avdekke kriminalitet, men óg for å komme tidleg i kontakt med ungdomsmiljøa for å hjelpe. Risikoen ved å gjere noko ulovleg, og konsekvens ved bruk av ulovlege stoff er viktige normative stolpar i kampen mot at fleire skal utvikle avhengigheitsliding meiner Senterpartiet. I all forsking kring rus er i alle fall éin ting klart; auka tilgjenge gjev auka bruk. Difor stenger ølsalet kl. 20:00, og me har eit statleg vinmonopol. Det er for meg rart at Ap og Høgre har gått i kompaniskap med Venstre for å snu i dette spørsmålet.
Når ein først har avkriminalisert brukardosar, så skulle ein jo tru det var klargjort kor store mengder det var snakk om, slik som rushandteringsutvalet (Jahre-utvalet), var tydlege på i sin rapport. Men nei, her skal ein ifølgje Ap, H og V overlate dette til regjeringa åleine. Å forskriftsfesta antall brukardosar ein kan gå straffefritt rundt med gjer lova uforutsigbar i møte med skiftande regjeringar. Ei liberal regjering kan med eit pennestrøk heva grensene til nivå som i praksis gjev full legalisering utan å gå via Stortinget. For politiet som skal handheve dette vert det óg krevjande å trekka grensa mellom kva som er til «eige bruk» og kva som er småskala sal, og dermed har ein svekka viktige grensedragningar i kampen mot narkotika.
Eg meiner me fortener svar frå dei lokale kandidatane til Ap og Høgre på kor mykje stoff ungdomane kan ha på seg før samfunnet, og oss foreldre, skal kunne gripe inn og seie dette ikkje er greitt. Det er viktig å ha nokre klåre grenser å halda seg til. Eg og Senterpartiet vil ha denne grensa på null!
Når me da kjem til det tredje, nemleg å forenkle straffesystemet med forenkla førelegg, så har dette og den konsekvens at mindre narkotikalovbrot ikkje vil framgå av vandelsattest eller rulleblad. I mange yrker er dette lite relevant, men openheit kring dette kan vere viktig informasjon for ein framtidig arbeidsgivar, kanskje særleg innan politi, helse og oppvekst.
For å setja det på spissen, rullebladet ditt vil syna at du har mista førarkortet i 80-sona, men ikkje at du har ein historikk med narkotikalovbrot.
Me i Senterpartiet krev tydlegare rammer i ruspolitikken, og meiner at narkotiske stoff framleis skal vere forbode. Å opne døra inn til rus vil neppe hjelpe fleire.
Aleksander Heen,
stortingskandidat Senterpartiet