Sandanedagar etter gamal, god oppskrift
Butikkar med mange gode tilbod, mykje god mat og fine smakar, loppemarknader, mange aktivitetar i sentrum, konsertar, ja, i det heile eit fullpakka program, god stemning og eit yrande folkeliv tre dagar til endes. Det er, med andre ord, duka for Sandanedagane etter gamal, god oppskrift.
Sandanedagane går av stabelen så midt i august som det er råd, frå fredag 14. til og med søndag 16. august, like før skulane startar opp igjen. Det er Gloppen Næringsorganisasjon og Handel og Service-gruppa som står bak arrangementet.
I årets program vil du finne mange kjende og kjære innslag som Lopperiet sin populære loppemarknad. I tillegg blir det også bagasjeloppis, og padleklubben og nordfjordbåtlaget vert å finne ved Gjestebryggja, Bjørnis kjem på besøk, det vert konsertar med Voice-Håvard Husevåg i spissen, leikar for store og små, riding, badeendene skal kappsymje ned gjennom Fargarelva, og sjølvsagt vert det gudsteneste på Heradsplassen søndag føremiddag.
Den gode, lune stemninga
Men det er som vanleg også opna for nye, spennande innslag, som utstilling av ungdomane sine stivpynta traktorar og ATV-ar, ein rullande festival med 16 matvogner som byr på eksotiske smakar, og ei vinylmesse med kring 10.000 gamle, gode plater til sals. Dette berre for å nemne nokre smakebitar frå årets arrangement.
- Eg trur vi kan slå fast at vi har funne malen på Sandanedagane, med tilbod for dei fleste smakar og folk i alle aldrar. Vi byggjer på erfaringar frå tidlegare år, og tilbakemeldingar vi har fått både frå tilreisande og bygdefolk. Det aller viktigaste er den yrande folkelivet, og den lune gode stemninga folk set slik pris på, og som dei kjem for å oppleve, seier Vegar Sårheim i komiteen bak Sandanedagane.
- Kjekt å vise fram
Det blir tradisjonen tru mange utstillarar å sjå i sentrumsgatene, butikkane har utvida opningstider og stiller med mange «steikjande gode tilbod».
- Dette er veldig viktige dagar for butikkane veår på Sandane. I tillegg til bygdefolket er her mange tilreisande, både frå det gamle Trivselsfylket og frå Mørelandet. Det brukar å kome ein god del hybelbuarar med foreldre som handlar inn for eit hybelliv på Firda vgs.
- Det er veldig kjekt å kunne vise fram kva handelsstanden kan by på, smakebitar frå vårt rike kulturliv og elles masse aktivitetar. Vårt mål er å vise fram kommunen frå si aller beste side og vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Sandane desse dagane, slår Vegar Sårheim fast.