Øyna framstår som ein idyllisk plett midt Sandane sentrum. Peter Holvik Lothe bur i Øyna i dag, og vonar at den flotte plassen, som tilhøyrer hovudbruket i Holvika, framleis skal få ligge der som eit historisk dokument for det gamle Sandane.

Øyna - den siste grøne sentrumslunga


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend Jul 2011.





Berre eit steinkast frå Heradsplassen, som den siste grøne lunga i Sandane sentrum, ligg den gamle husmannsplassen Øyna med to sjarmerande hus, lade, stabbur - og ei interessant historie.

Omgjeve av bygningar oppførte i nyare tid, mellom Gloppen Hotell og Holvikelva, ligg Øyna. Namnet kjem av at elva gjer ein stor, slak sving her, og området innanfor blir dermed liggjande som ei øy. Dei eldste husa i Øyna er oppførte i 1846, og er mellom dei få bygningane som står att frå før framveksten av tettstaden Sandane tok til for alvor på siste del av 1800-talet.

Husmannsplass


- Frå gamalt av vart området nytta som beite- og slåttemark av brukarane i Holvika, men i 1846 kom det opp hus, og Øyna vart såleis ein «plass». Det var Jakob Anderson Holvik, bror til brukaren i Holvika, som saman med kona Lisbet bygde stove, lade med tømra fjøs, stabbur og smie her, fortel Peter Holvik Lothe.

Øyna er aldri blitt utskilt frå hovudbruket på garden Holvik, og er difor eigd av bror til Peter, Jakob Eirik Lothe. Men det er Peter som i dag bur i Øyna og som har ansvaret for eigedomen.


Skyss med hest og kjerre frå Sivertsens Hotel med Øyna i bakgrunnen på slutten av 1800-talet. Huset, lada og stabburet i Øyna står som dei gjer i dag. Privat foto.

- Stova var opphavleg ei røykstove, bygd på same tid og på den same måten som gamlestova i Holvika. Jakob Anderson har sikkert vore med og bygd i Holvika, og til gjengjeld fått hjelp derifrå til å røyse sine eigne hus i Øyna, trur Peter og fortel at det var uvanleg for ein husmannsplass å ha ei etter måten stor smie på eigedomen, slik tilfellet var i Øyna:

- Dette har nok samanheng med skysstrafikken på Sandane på den tid. Det var trong for vedlikehald av utstyr både til hestar og vogner, og her kan smia ha hatt ein funksjon. Det er rimeleg å tru at i tillegg til jordbruk og husdyrhald, har Jakob også drive litt tilleggsnæring i form av smedarbeid for denne skysstrafikken.

Leigetakarar


Dotter til Jakob og Lisbet, Anne, gifte seg med Ingebrigt Kåle frå Breim i 1864. Anne døydde året etter, men Ingebrigt fekk behalde bygsleavtalen for Øyna. Han tok då namnet Holvik og budde i Øyna til han døydde i 1918. I det andre ekteskapet sitt, med Kristiane Eide, fekk han sonen Ingebrigt jr. (f. 1868). Ingebrigt jr. reiste til Amerika og blei verande der. Då Ingebrigt sr. døydde, gjekk husa og drifta i Øyna tilbake til hovudbruket.

I åra fram mot 2. verdskrigen var Øyna leigd ut til fleire leigetakarar. I 1928 fekk lektor Torbjørn Skeie og kona Anna bygsleavtale og tok over husa og drifta av plassen. Dei slo og hesja slik at dei skaffa nok fôr til å ha to kyr på båsen. I 1932 fekk Skeie lov til å byggje på bustadhuset med ei ark oppover. Den gamle smia vart då fjerna.


«Veslehuset» i Øyna er ikkje noko do som namnet antyder, det har vore brukt som bustadhus. Vi kan trygt slå fast at det ber namnet sitt med rette - det er ikkje stort.

Familien Skeie flytte ut frå Øyna i 1937. Ekteparet Tolleif og Lovise Reed frå Svelgen flytte då inn, men dei dreiv ikkje plassen, så drifta gjekk tilbake til hovudbruket.

Krigsår


Under den 2. verdskrigen var Øyna rekvirert av tyskarane. Truleg skjedde det allereie i første del av krigen. Husa blei brukte som bustad for tyske soldatar og gjennomgangsbustad for norske ungdomar som var utkommanderte til arbeidsteneste.

- I kjellaren i hovudhuset var det spritlager, og tyskarane bygde tre store potetkjellarar som blei brukte som lager for heile Nordfjord. På sida av lagera var det bygd opp vollar av jord for å halde potetene frostfri. Kjellarane vart gradvis tekne vekk etter krigen, men restar av to av vollane ligg framleis innanfor og nedanfor husa i Øyna, fortel Peter Holvik Lothe.

I Øyna bygde tyskarane også eit tilfluktsrom under jorda, med skyttargrav mot vegen og brua over Fargarelva ved Fargar-Agnete sitt hus, der Domus står i dag.

Den siste krigsvinteren flytte nazilensmannen i Gloppen, Nils Hellevik, inn i Øyna saman med mora og søstera si. Dei tok i bruk hovudhuset til bustad og kontor, og budde der fram til freden kom i mai 1945.


Heilt til for få år sidan stod det ei bjørk med inskripsjonen "Sergo" i Øyna. Sergo var ein av dei russiske krigsfangane i fangeleiren på Sandane under Den 2. verdskrigen. Stammen med inskripsjonen, som er oppfriska fleire gonger, er teken vare på.

Om kvelden den 8. mai dukka den gjeninnsette lensmannen i Gloppen og Breim, Jakob Straume, opp i Øyna saman med Agnar Nyhagen og Wilhelm Husby. Alle bar våpen. Deira oppdrag var å arrestere Hellevik. Mor hans tok då til å gråte og bad for sonen, som ho meinte ikkje hadde gjort noko gale. Hellevik sjølv sa at dei ikkje kunne late den gamle mora hans vere att åleine, men vart avvæpna med følgjande kommentar frå Husby: - Det skulle du pina det ha tenkt på før.

Nazilensmannen vart sett i arrest i eit rom på Hotel Gloppen. Han blei seinare send til Florø, der han omkom då båten han og andre nazistar var om bord i, gjekk i lufta under dumping av sprengstoff.

«Småhuset»


- Eg har ikkje høyrt anna enn at Øyna vart levert tilbake til eigarane i same stand som før krigen. Her var nokre bruksting etter tyskarane, men desse er komne vekk no, fortel Peter Holvik Lothe.

Snart kunne Lovise Reed og sonen Alf Bjarne flytte tilbake til Øyna. Ektemann og far Tolleif døydde rett før krigen. Etter krigen flytte også Maria R. Eide til Øyna og busette seg i «Småhuset», som var bygd til henne i 1940. Maria var ei ugift syster til Eili, kona til Peter Holvik, eigaren av Holvika. Ho hadde stelt for foreldra på Eide til dei døydde, og fekk bygd «Småhuset» for å busetje seg der. Men før ho kom så langt, braut krigen ut, og tyskarane gjorde krav på huset.

Lovise og Alf Bjarne budde i Øyna til 1952. Då gifte dotter til Peter Holvik, Ingeborg Holvik seg med Per Lothe. Dei flytte inn i Øyna og fekk etter kvart sønene Jakob Eirik og Peter.

- Fram til på 1970-talet vart graset i Øyna slege, hesja og teke inn i lada. På seinhausten vart det så køyrd opp i Holvika, der ein på den tid hadde sauer, fortel Peter.

No er det han som syter for at graset i den grøne sentrumslunga blir slege og at bygningane blir vedlikehaldne



- La Øyna leve


- Vi ønskjer at Øyna skal halde fram med å vere den grøne lunga ho er. Ho representerer ei lang linje, det finst ikkje bilete av Sandane utan at husa i Øyna er med, seier Peter Holvik Lothe.

Han legg ikkje skjul på at han og broren har gjort seg tankar om kva som kan kome til å skje med Øyna i framtida. Presset på sentrumsnære areal blir stadig større, og Øyna med sine fire-fem dekar kan ein gong kome til å måtte ofrast i storsamfunnet si interesse - om det skulle bli trong for det og lokalpolitikarane ønskjer det.

Kombinert løysing


- På den eine sida er Øyna ei urøyvd sentrumsperle og bør kanskje bli verande det. På den andre sida kan Sandane ein dag trenge sentrumsareal til eit viktig føremål, og då fell auga lett på dette "ledige" arealet. Om ei framtidig utbygging skulle kome, er området såpass stort at det også kan tenkjast ei kombinert løysing; reising av nybygg og likevel la husa og tunet liggje som dei gjer, meiner Peter.

Området er per i dag regulert til reserveareal for offentlege føremål.

- Det betyr at private interesser ikkje er aktuelle ved gjeldande reguleringsplan. Dette er eit signal om at kommunen meiner det bør fredast eit visst sentrumsareal til framtidige offentlege funksjonar, konstaterer Holvik Lothe.


Øyna sett frå "Baksida". I lada med tømra fjøs midt på biletet er det plass til fire kyr.

- For lite heilskapstenking


Han har forståing for at arealet kan vere interessant for vidare sentrumsutvikling, men peikar også på den historiske verdien og linja Øyna representerer i utviklinga av Sandane som tettstad.

- Det er ikkje slik at alt det gamle skal fjernast. Då er det vekke for alltid. Folk ser etter det originale, det er viktig å ta vare på litt av det som viser historia. Då blir også det som representerer den nye tida meir verdfullt. Det har vore gjort gode og dårlege ting på Sandane opp gjennom åra. Indre del av sentrum med idrettsanlegg, skule, kulturbygg og museum har ein vore heldige med. Når det gjeld ytre Sandane, er det meir både òg. Gamle Sandane er teke for lite vare på. Det har vore for lite heilskapstenking, utbygginga har gått føre seg i rykk og napp. Det er røyst større bygg som ikkje høver inn i heilskapen, meiner Peter og understrekar at det er viktig at det bur folk i sentrum:

- Det skaper liv, og kommunen har gratis vaktmeister gjennom at dei som bur her steller rundt eigedomane sine. Slik sett er det ein fordel at det ikkje berre blir hyblar, men at det er eigarane som bur her. Då vil kvar og ein ordne opp på sin vesle plett.





Fekk du med deg: Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta. 24. februar 2018
Tidlegare saker frå arkivet:
Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018

«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018

«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017