Noregs nye konge tek namnet Haakon VIII
Haakon har valt å ta namnet kong Haakon VIII som ny konge i Noreg.
Kongen har i eit ekstraordinært statsråd på Slottet informert regjeringa om bortgangen til faren og dessutan kva kongsnamn og valspråk han vil velje.
– Eg vil ta namnet Haakon VIII og vil vidareføre det same valspråket som min far, bestefar og oldefar valde: «Alt for Norge», sa kongen i statsråd.
Annonse
Kong Harald døydde på Rikshospitalet klokka 6.35 fredag morgon.
Frå kong Haralds bortgang vart kjend til den nye kongen kunngjorde kongsnamnet sitt, har han vorte omtalt som Hans Majestet Kongen i det offentlege. (©NPK)