Mange har venta spent på renteavgjerda frå Noregs Bank.

Noregs Bank hevar styringsrenta til 4,5 prosent

Styringsrenta blir heva frå 4,25 til 4,5 prosent, heiter det i renteavgjerda frå Noregs Bank.

Publisert

Det var på førehand knytt stor spenning til om Noregs Bank ville heve renta til 4,5 prosent denne gongen eller halde henne i ro. Økonomane var delte i analysane sine.

Ein hovudgrunn til usikkerheita var at mange var i tvil om korleis Noregs Bank tolkar utviklinga i inflasjonen.

Prisveksten har lenge lege over målet om 2 prosent, men i sommar var prisveksten noko lågare enn venta.

Målet er likevel eit stykke unna. I august låg den årlege veksten i konsumprisindeksen på 3,3 prosent.

Ein stabil prisvekst på rundt 2 prosent er hovudoppgåva til Noregs Bank, men dei skal også ta omsyn til arbeidsløyse og økonomisk aktivitet.

Det var på rentemøtet i mai at renta blei heva førre gong. Den gongen varsla sentralbanksjefen at ho ville bli ytterlegare heva i løpet av året på grunn av høge prisar her heime og uro i verdssituasjonen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS