No kjem haustvêret: farevarsel for vind, regn og is
Meteorologisk institutt har sendt ut fleire farevarsel dei neste dagane, frå Agder til Finnmark.
Det blir ruskevêr i store delar av landet framover, skal ein tru varsla frå Meteorologisk institutt. I Nord-Troms og Finnmark ventar dei vindkast på inntil 36 sekundmeter. Det svarer til orkan styrke.
Tysdag formiddag er det ei rekke gule farevarsel:
* Kraftige vindkast blir melde i delar av Finnmark, Nord-Troms, Nordland og Trøndelag.
* Fare for is og glatte vegar i Trøndelag og Nordland.
* Kraftige regnbyer sør i Rogaland og Agder.
– Kor intenst det blir og kvar det treffer er enno litt usikkert, men somme stader vil det komme 20 mm på ein time. Det vil også vere fare for lyn, skriv meteorologane i ei melding om regnvêret på sørvestlandet. (©NPK)