Frp-leiar Sylvi Listhaug og nestleiar Hans Andreas Limi møtte NTB onsdag for å dra fram hovudlinjene i det alternative budsjettet sitt. Fredag kom fleire detaljar om kutta.

Frp vil kutte drastisk hos NRK og spare milliardar på lågare innvandring

I det alternative budsjettet sitt foreslår Frp å redusere utgiftene til NRK med heile 4 milliardar kroner.

Publisert

Frp presenterte hovudlinjene i budsjettet overfor NTB onsdag. Fredag la dei ut budsjettet i sin heilskap med fleire detaljar om utgiftskutta på 63 milliardar kroner.

I tillegg til å kutte NRK med 4 milliardar kroner, varslar dei at dei vil kutte bistanden til 0,7 prosent av BNP, eit kutt på 13,1 milliardar kroner.

Som varsla vil dei også redusere jordbruksavtalen tilbake til 2025-nivå, noko som ifølgje Frp inneber eit kutt på 3,5 milliardar kroner.

Partiet vil også kutte ut skattelotteriet til finansminister Jens Stoltenberg (Ap), fjerne fagforeiningsfrådrag, og meiner mellom anna å kunne spare inn 6,7 milliardar kroner på lågare innvandring.

– Vi har solide kutt, men det meiner vi er heilt nødvendige for å avgrense dei offentlege utgiftene. Og så ønskjer vi å frigjere midlar for å kunne gi lettar både på skatt og avgifter, og prioritere helse, eldreomsorg, skule, politi og infrastruktur, sa finanspolitisk talsperson for Frp Hans Andreas Limi til NTB onsdag. (©NPK)

Powered by Labrador CMS