No er det priskrig på pizza Grandiosa. Foto: Tore Meek/NTB/NPK.

No er det priskrig på Grandiosa

Lågpriskjedene har dumpa prisen på pizza Grandiosa til det lågaste på fleire år.

Lågpriskjedene har sett ned prisen på originalversjonen av pizza Grandiosa til 20,86 kroner. Det er det lågaste nivået på fleire år, skriv Nettavisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Normalpris på pizzaen har det siste året lege mellom 40 og 60 kroner.

Det var lågpriskjeda Extra som sette ned prisen først – så har dei andre følgt etter.

– Vi tek på oss skulda for den spinville prisen på Grandiosa original. Extra skal vere den billigaste kjeda og denne veka har vi 30 prosent på utvalde variantar Grandiosa, seier kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen til nettavisa.

Også i januar vart det priskrig på Grandiosa, då vart prisen sett ned til 29,90. No er pizzaen sett ned med nesten ti kroner. (©NPK)