Nei-sida kraftig tilbake i ny EU-måling
Det er framleis nei-fleirtal i Noreg, men ja-sida går fram 5 prosentpoeng i ei ny EU-måling. Dei over 40 år er langt meir positive til EU-medlemskap enn yngre.
I EU-målinga Opinion har gjort for Altinget , svarer 48 prosent at dei ville stemt nei til norsk EU-medlemskap. Nei-sida går med det tilbake sju prosentpoeng sidan førre måling i august i fjor. Det er også første gong sidan februar 2023 at nei-sida er under femti prosent.
38 prosent svarer at dei ville stemt for ein norsk medlemskap i EU, medan 2 prosent svarer at dei ikkje veit.
Talet på ja-veljarar er klart størst i Oslo, der 52 prosent ville stemt for medlemskap medan 32 prosent ville stemt nei.
Undersøkinga viser at veljarar over 40 år er mest positive – og aller mest positive er dei eldste veljarane. I aldersgruppa 60+ ville 43 prosent stemt ja til medlemskap, medan 46 ville stemt nei. Blant dei under 30 år, svarer 55 prosent at dei ville stemt mot, medan 30 prosent ville stemt for. (©NPK)