Mopedbil og lastebil involverte i trafikkuhell

Publisert Sist oppdatert

Søndag klokka 12:45 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 ved Halbrend i Førde.

Det er ein mopedbil og ein lastebil som er involverte i hendinga. Politi og ambulanse er på staden. 

- Ein del skadar på mopedbil, sat to kvinner i denne. Dei er vakne og bevisste, opplyser operasjonsleiar Knut-Dahl Michelsen i Vest politidistrikt klokka 13:11. 

Det er masse nedfall på vegen. Bilbergar er rekvirert.

Klokka 13:25 opplyser politiet at det er manuell dirigering i eitt felt. 

OPPDTATERT:

Klokka 13:54 melder politiet at bilbergar er på staden. To personar er tekne med av ambulanse for vidare undersøkingar.

OPPDATERT:

Klokka 14:35 opplyser politiet at vegen er opna. Sak blir oppretta, ikkje mistanke om rus.

Powered by Labrador CMS