- Thomas er funnen
Thomas Niiranen Hamre (24), som har vore sakna sidan båten han var om bord i kantra natt til 21. juni, blei søndag funnen omkomen i Myklebustdalselva i Breim.
Det opplyser talsmann for familien, Jan Erik Mardal.
- Han blei funnen i eit område av elva som det tidlegare har vore leita i, mellom Sandalsvatnet og Lonevatnet, fortel Mardal.
Annonse
Han seier at Thomas sine foreldre er letta, men naturleg nok òg sterkt prega på ein slik dag:
- Dei vil igjen takke alle som på ulikt vis har bidrege i desse vekene Thomas har vore sakna.