Moped mot bil i Måløy

Publisert

Ein gut på 16 år måtte til legevakta med nokre kutt i ei hand og kneet etter eit trafikkuhell i Måløy i halv ni-tida i fredag morgon.

Uhellet skjedde då han køyrde mopeden sin inn i ein bil bakfrå. Guten var åleine på mopeden og farten var låg. Det var berre føraren i bilen, vedkomande kom uskadd frå det.

Det er ingen mistanke om at mopedisten var påverka av noko slag.

Powered by Labrador CMS