Mann omkom då lastebil og personbil frontkolliderte i Aurland

Ein mann i 20-åra er stadfesta omkomen etter ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen.

Publisert

Nødetatane melde om ulykka rundt klokka 1.45 natt til torsdag.

– Eit redningshelikopter vart sendt frå Florø, men måtte snu på grunn av dårleg vêr i området, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Føraren av personbilen vart sett til av helsepersonell på staden etter å ha vorte frigjord, men livet stod ikkje til å redde. Dei pårørande er varsla, opplyser politiet.

Føraren av lastebilen vart ikkje fysisk skadd, ifølgje politiet.

Både ulykkesgruppa frå Statens vegvesen og kriminalteknikarar frå politiet er på ulykkesstaden.

Vegen vart stengd i begge retningar, med omkøyring via Hardangervidda. Det er venta at E16 kan opnast igjen i 11-tida torsdag formiddag. (©NPK)

Powered by Labrador CMS