Bokmål avslørte svindlar
Tysdag prøvde ein svindlar å utgje seg for å vere mållagsleiar Peder Lofnes Hauge. Heldigvis skreiv svindlaren på bokmål, så svindelforsøket vart mildt sagt mislukka.
Det var Bergens Tidende (BT) som omtalte svindelforsøket først.
«Å utgje seg for å vere leiaren i Noregs Mållag – på bokmål. Det må vere tidenes dårlegaste svindelforsøk», skriv Hauge på Facebook.
Annonse
Det var kollegaen Monika Haanes Waagan som fekk ein e-post frå Hauge på bokmål. Der blei ho beden om å hjelpe han med ei oppgåve. Ho måtte ikkje ringe, men skrive tilbake til han.
– Denne går eg ikkje på, var det første Monika sa til meg då ho fekk e-posten, seier Hauge til BT og legg til:
– Dette blei komisk, for denne var såpass openberr. (©NPK)