EU og Noreg har varsla stopp av import av brasiliansk kjøtt frå 3. september. Det kan gi dramatiske utslag på pris, ifølgje bransjeaktør. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Importstopp kan gi dramatisk auke i kjøtprisen

EU og Noreg har varsla stopp av import av brasiliansk kjøt frå 3.september. Det kan gi dramatiske utslag på pris, ifølgje bransjeaktør.

Publisert

Årsaka til importstoppen er at eit nytt EU-regelverk skal hindra at antibiotika blir brukt for å auke veksten i kjøtproduksjonen.

– Viss importstoppen blir gjeldande, vil det bli dramatisk. Prisane vil eksplodera, seier Jesper Klostermann, importsjef i Wulff & Co, til Nationen.

Importen av kjøtvarer frå Brasil til Noreg har auka dei siste åra, noko som kan sjåast i samanheng med at den samla norske importen av storfekjøt har vore høgare på grunn av underskot av norsk storfekjøt.

Klostermann fortel at Brasil har levert så store mengder storfekjøt til EU i august, at ein eventuell stopp av import først vil ramma det norske selskapet neste år. Om det blir slik, vil det få svært store konsekvensar for heile EUs marknad, meiner Klostermann.

– Kjøtinflasjonen i EU har vore heftig dei siste åra, dersom dette hender blir det ti gonger verre, seier Klostermann til Nationen.

Selskapet Unil, som har ansvaret for Norgesgruppens eigne merkevarer, forventar òg at prisane på storfekjøt vil gå opp.

– Unil har ingen eigenimport av storfekjøt frå Brasil, men vi forventar at prisane på importert storfe kan auka denne hausten, seier Eivind T. Wang, importsjef i Unil, til Nationen. (©NPK)

Powered by Labrador CMS