Tankar etter ein Ukraina-tur
Det gjev inntrykk å møte personar som har gått på miner, som så vidt har overlevd, men likevel er fulle av pågangsmot og kampvilje, skriv Per Svein Reed.
Det gjev også inntrykk å køyre gjennom tettstadar og byar der det langs vegen heng bilde av hundrevis av folk som har ofra livet i krigen.
Det er sterkt å møte folk som både skal prøve å leve eit sivilt liv, samtidig som dei som soldatar står midt i krigshandlingar, og er fullt innforståtte med at dei kan vere dei neste som vert drepne. At dei får sitt bilde saman med alle dei andre frå kommunen som har mista livet i denne meiningslause krigen som Russland fører mot Ukraina.
Og ikkje minst – det har vore sterkt å oppleve den fantastiske gleda og takksemda ein møter når vi frå utlandet kjem med sårt trengande utstyr for å hjelpe dei i denne vanskelege livssituasjonen dei opplever.
Rysta over situasjonen
Det har gått nokre dagar sidan eg kom heim frå ein minnerik tur til Ukraina. Det har vore nokre dagar med ettertanke.
Underteikna, slik som heilt sikkert dei fleste her i landet, er rysta over det folket i Ukraina må gjennomgå. Ein krig dei har gjennomgått i over fire år.
Men korleis kunne eg hjelpe – korleis kunne eg gjere ein innsats ?
Eg kom i kontakt med organisasjonen FH-Ukraina, leia av Gustav Johan Nydal frå Florø og Sivert Jan Ommedal frå Hyen. Dei har drive med hjelpearbeid til Ukraina i lang tid. For ei tid tilbake formaliserte dei dette arbeidet gjennom ein eigen organisasjon registrert i Brønnøysund.
Dei har begge hatt fleire turar til Ukraina med hjelpesendingar. No var dei i full gang med planlegging av ny tur. Dei skulle donere fire bilar fullasta med utstyr, i tillegg til Gustav sin eigen store varebil med hengar som var fullasta med fiskegarn, som skulle hengast over gatene som vern mot droner.
Verva seg
Eg verva meg som sjåfør, og fekk tildelt ein Volvo XC 90 som dei hadde kjøpt og fiksa opp for bruk ved «fronten». Bilane skulle leverast i Mykolajiv, ein by heilt sør ved Svartehavet, nesten 3000 km frå fredelege Gloppen.
For meg ville det vere ei ny oppleving å køyre gjennom dette landet. For Gustav var dette ein tur mot byen han hadde arbeidd i 2 1/2 år i administrasjonen på eit skipsverft. Ein jobb der han også hadde lært seg russisk, og der han hadde fått eit nært og godt nettverk som han brukar så mykje tid og pengar på å hjelpe.
Her kunne eg bruke «feriebudsjettet mitt» som eit lite bidrag til denne hjelpa.
Ukraina – eit mektig syn
Det ukrainske flagget er som kjent blått og gult. Blått øverst som symboliserer himmelen – fred og håp. Og gult nederst som symboliserer kveiteåkrane, rik jord og velstand. Ukraina har nokre av verdas mest fruktbare jordbruksområde. Vi køyrde uendelege strekningar gjennom dette som er eit av dei største og mest frodige landa i Europa. Mode korn og solsikke på begge sider så langt ein kunne sjå. Eit mektig syn!
No slit Ukraina med å få hausta inn dette «gullet», for alt for mange av folka som skulle stå for innhaustinga brukar tida til å forsvare landet, og i så alt for mange tilfelle har vorte drepne eller skada i krigen.
Første stopp i Ukraina var Lviv – ein fantastisk by som eg gjerne reiser tilbake til. På vår korte byvandring vart det bom stopp av både bilar og fotgjengarar. Heile landet stoppar opp kvar dag kl. 09:00 i eitt minutt for å minnast dei falne under krigen.
«Bilen min» ein Volvo XC 90, 2003-modell som hadde gjort si teneste i Hyen, hadde bestått sin lengste tur gjennom Europa med glans. Dette takka vere Sivert Jan sitt omfattande vedlikehaldsarbeid før avreise.
Hyen-Volvo erstatta skoten bil
Bilen skulle donerast på vårt første mottak, i Uman. Her var eitt av dei faste kontaktpunkta til Gustav. Bilen skulle brukast til å frakte folk og utstyr til og frå fronten. Før bilen skulle i «felten» måtte den forsterkast med skotsikre stålplater som skulle ta unna for geværkuler. Sjåføren som skulle ha den, kom sjølv til Uman for å hente den. Han var utan bil, for den bilen han hadde brukt var skoten i senk av drone og brend opp.
Dette var mitt første møte med mottaksapparatet i Ukraina – og for ei fantastisk mottaking! I tillegg til gjengen som tok imot deler av lasta vi hadde med, vart vi inviterte på kommunehuset til ordførar og staben hans. Djupt prega av krigen dei stod midt oppe i, men likevel humørfylte, og svært så takksame over hjelpa dei fekk.
Alle har mista nokon
På kommunehuset hang det bilde av 108 personar som var drepne i krigen, i tillegg kom alle dei som framleis var sakna, og dei som har vorte skada i krigen. Dette i ein kommune ikkje større enn ein gjennomsnittleg norsk kommune. Det var vel ikkje nokon i kommunen som ikkje hadde mista familie, slekt eller vener.
Ein av dei vi fekk god kontakt med, var Sergii Romanovskiy. Han var krigsskadd. Han hadde leia ei framrykning der han hadde gått på ei mine, og mista eine foten. Men det stoppa ikkje han. Han fekk lappa igjen såret og heldt fram saman med troppen. Men så gjekk han på ei mine til, og fekk blåse av den andre foten også. Dei berga han frå å blø i hel. Han vart lappa saman, fekk proteser, og jobbar no på rekonvalesens-senteret vi besøkte.
Brennande engasjert
Turen gjekk så vidare til Mykolajiv, ein stor skipsverfts- og hamneby ved Svartehavet der Gustav Johan hadde hatt sitt arbeid, og fått eit nettverk. For oss andre var han den lokale kjentmannen og guiden som kunne russisk, og for han var det å få treffe igjen gamle kollegaer frå tida på skipsverftet, og som no var ein del av mottaksapparatet og motstandskampen. Det er lett å forstå at Gustav Johan er så brennande engasjert i å hjelpe folket han gjennom fleire år hadde eit slikt nært forhold til.
Det var kontrastfylt å kome på torget der eit brudepar kom nygifte ut i det nydelege vêret for å verte fotografert, og på andre sida av torget var ruinane av den sønderbomba administrasjonsblokka til fylkeskommunen. Og på plassen stod tavlene med nær 1500 bilde av innbyggjarar frå byen som har falle i krigen.
Reisa var stort sett basert på private overnattingar. Dette både fordi nettverka vi møtte på vegen meir enn gjerne ville ha oss på besøk, og ikkje minst – at så mykje som mogleg av innsamla midlar skulle gå direkte til formåla. Dette både til å kjøpe og oppgradere bilane, og kjøpe inn nødvendig utstyr. Vi som var med på turen dekka stort sett eigne kostnader.
–Hjelpa kjem fram
Eg trur eg aldri før har brukt «feriebudsjettet» meir nyttig enn kva tilfellet har vore på denne turen.
Og eg har erfart med sjølvsyn at gåver, utstyr og pengar som vert samla inn går uavkorta til formåla dei har vore tenkt til. Så eg formidlar gjerne vippsnummer #59020 til alle som vil støtte hjelpa FH-Ukraina (Frivillig Hjelp Ukraina) Eg veit av erfaring at hjelpa kjem fram. Den vert ikkje sløst bort på vegen, og den vert så uendeleg godt motteken.